Emner: LOG111 Deduksjon og metalogikk - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

LOG111 byggjer på LOG110 (Introduksjon til formallogikk). Det blir gitt ei innføring i eit system for naturleg deduksjon for setnings- og førsteordens predikatlogikk med identitet. Vidare blir det gitt ei innføring i modellteori, som mellom anna definerer kva det vil seie at eit predikatlogisk argument er gyldig. Som førebuing til modellteorien blir det også gitt ei innføring i mengdeteori. I tillegg er metalogikk, som gjeld eigenskapar ved formallogiske bevissystem, eit sentralt tema på emnet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god innsikt i naturleg deduksjon, og forstå på kva måtar naturleg deduksjon skil seg frå tre-metoden. Vidare skal studentane ha innsikt i mengdeteori, og forstå kva rolle modellar spelar i førsteordens predikatlogikk. Studentane skal òg kjenne sentrale metalogiske omgrep, og bevis for metalogiske tilhøve som gjeld tre-metoden.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane meistre naturleg deduksjon i setnings- og predikatlogikk med identitet. Vidare skal dei meistre mengdeteori, og modellteori for førsteordens predikatlogikk, og kunne bevise metalogiske tilhøve som gjeld tre-metoden, både i setnings- og predikatlogikk.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kan òg vere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk, informasjonsvitskap, informatikk og matematikk.

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. Emnet krev forkunnskapar i logikk tilsvarande LOG110 (Introduksjon til formallogikk).

Studiepoengsreduksjon

LOG111 overlapper med LOG101 (Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Studentar må gje skriftleg svar på 3 oppgåver med innlevering i løpet av semesteret. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må være godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Studentar skal delta på minst 75% av seminara. På seminara skal studentane presentere løysingar på oppgåver.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker).

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Innføringsverk.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no