Emner: MABARN351 Masteroppgave i barnevern - Høst 2017




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mastergradsoppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der studenten skal ha høve til systematisk og kritisk analyse av ei problemstilling av relevans for barnevernet.

Oppgåva skal skrivast som monografi, 80 sider (+/- 10 %). Det kan etter avtale med emneansvarleg og rettleiar skrivast ein vitskapleg artikkel til fagfellevurdert tidsskrift. Masteroppgåva kan vere ein del av eit større forskingsprosjekt eller eit sjølvstendig arbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten¿

 

Ferdigheiter:

Studenten¿

 

Generell kompetanse:

Studenten¿

Krav til forkunnskapar

Emna MABARN314, MABARN 315, HABA301, MABARN 312, HABA302 og valfritt emne skal vere gjennomførte og bestått før MABARN 351 kan byrjast på.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kvar student skal ha ein fagleg rettleiar. Det skal skrivast rettleiingskontrakt mellom student og rettleiar samt instituttleiar. Det er gjeve retningslinjer for rettleiinga som spesifiserer studenten og rettleiaren sitt ansvar og rettar. Studenten har rett på totalt 40 timar med rettleiing. Dette kan gjevast individuelt og i gruppe. Det vil bli arrangert masterseminar som inngår i dette timetalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåva skal byggje på ein godkjent prosjektplan som er utforma i samarbeid med rettleiar. Prosjektplanen skal vere på 8 -10 sider og skal gjere greie for prosjektet sin teoretiske og empiriske bakgrunn, temaområde, problemstilling, metodeval og framgangsmåte, databehandling eller analyseform samt forskingsetiske vurderingar. Det vert gjeve inntil fire timar individuell rettleiing på prosjektplan, som inngår i det totale rettleiingstimetalet på 40 t. Prosjektplanen skal normalt leverast for godkjenning seinast i slutten avav det 2. semesteret i studiet. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for prosjektplan og masteroppgåve [lenke].

Rettleiingskontrakt blir signert og levert studiekoordinator normalt innan 15. juni (slutten av 2. semester).

Det er obligatorisk frammøte og obligatorisk å leggja fram eige arbeid på to seminar om masteroppgåva.

Vurderingsformer

Den ferdige masteroppgåva skal leggjast fram for rettleiar før innlevering. Masteroppgåva skal vurderast som eit forskingsarbeid.

Masteroppgåva blir vurdert av ein kommisjon med to medlemer. Kommisjonen skal bestå av ein intern sensor samt ein ekstern sensor, som ikkje er tilknytt masterprogrammet/UiB. Minst eitt medlem av kommisjonen skal ha førstestillingskompetanse. Rettleiaren til kandidaten skal ikkje vere medlem av kommisjonen.

Kandidaten sin rettleiar kan gjere framlegg om medlemer til kommisjonen. Psykologisk fakultet utpeikar kommisjonen etter å ha vurdert om kommisjonen er forsvarleg samansett.

Det blir arrangert ei munnleg høyring knytt til masteroppgåva sitt tema, metode- og litteraturval. Masteroppgåva dannar hovudgrunnlaget for karakterfastsetjinga, medan den munnlege høyringa har ein justerande funksjon.

I sensurmøte før munnleg høyring blir det gjeve førebels karakter på grunnlag av det skriftlege arbeidet. Dette må vurderast som bestått for at det skal gjevast høve til å gå vidare til munnleg høyring. Endeleg karakter som skal stå på vitnemålet, blir fastsett etter munnleg høyring.

Om oppgåva blir vurdert som ikkje bestått skal kandidaten få varsel om dette seinast 48 timar før planlagt munnleg høyring.

Det er i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same masteroppgåve fleire gongar. Om ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:

a. stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller

b. trekkje inn nye kjelder/data, og/eller

c. gjere ei radikalt endra analyse og drøfting av problemstillingane/empirien.

Studenten må søkje undervisningsutvalet ved HEMIL-senteret om å framstille seg til ny eksamen. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva.

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukes karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Sjølvstendig litteraturval knytt til tema for oppgåva. Studentane vil få tilgang til program for analyse av datamateriale, t.d. SPSS og NVivo.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10