Emner: MED7 Sjuende semester medisinstudiet - Høst 2017




Studiepoeng

27.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Emnet for 7. semester gir studentane inngåande kunnskap om sjukdom og skade innanfor fagområda nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, auge og øyre-nase-hals. Det blir undervist i generell undersøkingsteknikk knytt til fagområda, og det blir lagt vekt på tydinga av symptombasert diagnostikk og oppstart av behandling.

 

Studentane skal også 4 veker i psykiatriutplassering ved ei psykiatriavdeling på eit sjukehus. Studentane skal då følgje pasientar frå innkomst og gjennom opphaldet eller eventuelt polikliniske konsultasjonar. Dei skal også vere med når pasienten blir undersøkt og behandla, og når lege har samtale med pasienten.

 

Integrert i emnet ligg også oppstartseminar for særoppgåve og utarbeiding av prosjektskildring for denne.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

 

Ferdigheiter, etter fullført emne kan studenten:

 

Generell kompetanse, studenten skal:

 Ha innsikt i, og kunne forholde seg på ein fagleg korrekt og empatisk måte til menneske med sjukdom innanfor fagområda nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, auge og øyre-nase-hals.

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt i form av førelesningar, pasientdemonstrasjonar, TBL, gruppeundervising med innøving av undersøkingsteknikk og undersøking av pasientar. Ein føreset stor eigenaktivitet frå studentane si side når det gjeld å utøve undersøkingsteknikk på kvarandre.

 

Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Digital skriftleg eksamen (5 timar) med spørsmål frå alle tema for 7. semester. Munnleg/praktisk eksamen (kvar student skal opp i eitt av fire hovudtema: enten nevrologi, psykiatri, øyre-nase-hals eller auge). Det blir gitt ein samla karakter for semesteret, der skriftleg eksamen tel 70 % og munnleg 30 %. Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjent for å få gå opp til semestereksamen.

Karakterskala

A-F

Kontaktinformasjon

mailto:studie@kliniskmedisin.uib.no

mailto:studie@kliniskmedisin.uib.nostudie@kliniskmedisin.uib.no