Haust for A-kull
Vår for B-kull
Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er våren 2018.
Dersom det er studentar utan bestått resultat i emnet, vert det satt opp ny vurdering/eksamen for desse studentane hausten 2018 og våren 2019. Eventuelle studentar som ønsker å forbetre eit tidlegare resultat, kan ta eksamen dersom det vert satt opp ny eksamen for kandidatar utan bestått resultat.
Overordna mål:
Allmennmedisinske kunnskapar, dugleikar, haldningar og utøvd kompetanse.
Innhald:
Allmennmedisin er læra om handtering av sjukdommar og plager slik dei presenterer seg i førstelinetenesta. Frå eit medisinsk fagleg utgangspunkt gir allmennpraktikaren ein heilskap, der personleg og kontinuerleg helseomsorg for individet og familien er basert på ei biologisk, psykologisk og sosial individforståing. Faget omhandlar klinisk diagnostikk, behandling, oppfølging og førebygging av sjukdommar som vert ferdigbehandla i allmennpraksis og av tilstander som krevjar samhandling mellom ulike deler av helsevesenet. Andre sentrale disiplinar er klinisk kommunikasjon, konsultasjonen og lege-pasient-tilhøvet som arbeidsreiskap. Det sosiale særpreget til allmennmedisinen og allmennpraktikaren si særskilte innsikt i familie og lokalsamfunn hører også med.
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane
Undervisinga er studentsentrert, basert på dialog og refleksjon og er i betydelig grad opplevingsbasert.
Førelesingar
Klinikkar
Kurs
Seminar
Utplassering 20 dagar
Undervisningsmetodar og eksamensformer er tilpassa kvarandre.
Krav for bestått kurs: godkjend arbeidsbok for utplasseringa.
Studentane sine kunnskapar, dugleikar, haldningar og klinisk kompetanse vert testa ved skriftlig (kasusbasert) eller munnleg (ein konsultasjon) eksamen i 6. studieår.
Ein nytter eksterne sensorar.
Tillatne hjelpemiddel: enkel kalkulator
Evaluering: studentane gir kategoribunden og fritekstevaluering, lærarkollegiet gir systematiske refleksjonar.
Oppfølging: Evalueringsresultata vert samanhaldne med undervisningsmål og innhald, og endringar vert fortløpande implementert. Studentar og lærarar vert haldne orienterte om konsekvensane av kvalitetsarbeidet.
Institutt for globalhelse og samfunnsmedisin
e-post: studie@igs.uib.no tlf: 55 58 61 00
Emneansvarleg: Thomas Mildestvedt
http://www.uib.no/personer/Thomas.Mildestvedt