Emner: MEDALM-INTRO Allmennmedisin introduksjon - Vår 2017




Studiepoeng

2.0

Studienivå (studiesyklus)

Medisinstudiet 3. studieår

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust for A-kullet, vår for B-kullet

Mål og innhald

Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er våren 2017.

 Overordna mål:

Innføring til allmennmedisinske kunnskapar, dugleikar, haldningar og utøvd kompetanse.

 

Innhald:

Allmennmedisin er læra om handtering av sjukdommar og plager slik dei presenterer seg i førstelinetenesta. Frå eit medisinsk fagleg utgangspunkt gir allmennpraktikaren ein heilskap, der personleg og kontinuerleg helseomsorg for individet og familien er basert på ei biologisk, psykologisk og sosial individforståing. Faget omhandlar klinisk diagnostikk, behandling, oppfølging og førebygging av sjukdommar som vert ferdigbehandla i allmennpraksis og av tilstander som krevjar samhandling mellom ulike deler av helsevesenet. Andre sentrale disiplinar er klinisk kommunikasjon, konsultasjonen og lege-pasient-tilhøvet som arbeidsreiskap. Det sosiale særpreget til allmennmedisinen og allmennpraktikaren si særskilte innsikt i familie og lokalsamfunn hører også med

 

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane

  

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane

  

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vekslar mellom studentsentrert undervisning der studentane må vere aktive bidragsytarar, basert på dialog og refleksjon, og meir tradisjonell undervisning med førelesingar

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske skriftlege oppgåver (samla i eit kurshefte) blir vurdert til bestått/ikkje-bestått. 70 % av oppgåvene må være tilfredsstillande svart på for å få bestått.

Vurderingsformer

Obligatoriske skriftlege oppgåver (samla i eit kurshefte) blir vurdert til bestått/ikkje-bestått. 70 % av oppgåvene må vere tilfredsstillande svart på for å få bestått

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Studentane gir kategoribunden og fritekstevaluering, lærarkollegiet gir systematiske refleksjonar.

Oppfølging: Evalueringsresultata vert samanhaldne med undervisningsmål og innhald, og endringar vert fortløpande implementert. Studentar og lærarar vert haldne orienterte om konsekvensane av kvalitetsarbeidet.

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no

tel: 55586100

 

Emneansvarleg:

Eivind Meland

 http://www.uib.no/personer/Eivind.Melandhttp://www.uib.no/personer/Eivind.Meland