Emner: MEDINTH Kurs i internasjonal helse - Vår 2017




Studiepoeng

2.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

6. studieår (vår/haust)

Mål og innhald

Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er våren 2018.

 

 

Kurset fokuserer på fattigdomsrelaterte helseproblem i låg- og mellominntektsland. Dette inkluderer diagnostikk og klassifikasjon av sjukdommar, pasientbehandling (inkludert rehabilitering), førebygging og helsefremjande arbeid. Med hjelp av eksempel på viktige helse- og demografiske indikatorar i dagens høginntektsland er målet å gi betre forståing av situasjonen og utviklingstrekka i låginntektsland.

Ein vil i undervisinga sjå nærare på samspelet mellom utvikling og helse, og har som mål å gi studentane kunnskap om korleis ein kan lette sjukdomsbøra i den fattige delen av verda med hjelp av moderne teknologi som vaksinasjon, ved å fremja adekvat ernæring, betre dei hygieniske tilhøva og ved betre utnytting av eksisterande helsetenester. Rolla til legar i konfliktar og katastrofar situasjonar vil også bli utdjupa.

På lesedagen for kursuka kan det givast ein demonstrasjon av parasittar der ein får sjå malariapreparat og fecesprøvar i mikroskop. Denne delen er frivillig.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Etter fullført kurs ventar ein at studentane

 

Ferdigheiter:

Etter fullført kurs ventar ein at studentane

 

Generell kompetanse:

Etter fullført kurs skal studentane

Krav til forkunnskapar

Studentane skal ha fullført første 5 år av studiet

Krav til studierett

Studentar i medisin, Universitetet i Bergen, Det medisinsk- odontologiske fakultet. Obligatorisk kurs

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk kurs. Deltaking på forelesingar og i gruppearbeid. Gruppearbeid må godkjennast av kursleiar

Vurderingsformer

Presentasjon av gruppearbeid i plenum

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Førelesingsnotat/handouts

Emneevaluering

Elektronisk evalueringsskjema, MiSide

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for internasjonal helse

Tel: 55588560; e-post: studie.cih@.uib.no

Emneansvarlig: Sven Gudmund Hinderaker