Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er våren 2017.
Overordna mål:
Det randomiserte kliniske forsøket er eit sentralt instrument i moderne klinisk forsking. Både som lesarar av klinisk faglitteratur, som legar med ansvar for pasientar som deltek i kliniske studiar og som forskarar vil dei neste generasjonar av legar måtte ha grunnleggjande kunnskap om randomiserte studiar.
Innhald:
Førelesningane i kurset dekkjer dei forskjellige sider ved design og planlegging av randomiserte studiar så som forskingsetiske reglar, randomiseringsmetodar, blinding, planlegging av statistiske analysar, berekning av utvalsstorleik og mogelege feilkjelder. Metodar for meta-analyse av randomiserte studiar blir gjennomgått og døme frå ei rekkje medisinske fagområde blir diskuterte. I tillegg blir det utfyllande gjeve undervisning i vitskapsteori og etikk. Plassen til dei randomiserte kliniske forsøka i evidenshierarkiet blir forklarde ut frå eit vitskapsteoretisk perspektiv og sett i samanheng med dei krava til dokumentasjon som blir stilte i forhold til prioritering av ny teknologi (breitt definert). Det vil bli lagt stor vekt på forskingsetikk, heiderleg framferd og normer i forskinga. Forskingsetiske prinsipp blir gjennomgått og Helsinkideklarasjonen blir diskutert breitt. Det blir også gjeve døme på forskingsprosjekt der sentrale prinsipp ikkje har vore følgd.
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for:
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
Arbeidsforma til kurset baserer seg på at kullet blir delt inn i arbeidsgrupper med 5-7 studentar pr. gruppe. Kvar gruppe utarbeider ein protokoll for eit randomisert klinisk forsøk som blir vurdert av kursleiarane og presentert for diskusjon i plenum. Dette gruppearbeidet er obligatorisk og gjev kunnskap om protokollen som reiskap i klinisk forsking og som grunnlag for etisk diskusjon og godkjenning.
Førelesningar i plenum
Gruppearbeid med rettleiing av faglærarane
Plenumsgjennomgang og diskusjon av protokoller
4 dagar a 6 timer
Lærebok: Petter Laake et al. Epidemiologiske og kliniske forskningsmetoder. Gyldendal Akademisk 2007 (spes kap. 9 og 10). Dessutan blir all informasjon lagd ut på studentportalen. Kurset føreset også aktiv bruk av biblioteket.
Evalueringsskjema blir fylt ut av kvar student ved avslutning av kurset. Skjema blir gjennomgåtte og diskuterte av kursleiarane.
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
e-post: studie@igs.uib.no
Emneansvarlig: Geir Egil Eide
http://www.uib.no/personer/Geir.Eide