Emner: MEDMBI Medisinsk mikrobiologi og immunologi - Vår 2017




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Lab.bygget, BB-bygget & Haukeland Universitetssjukehus.

Mål og innhald

Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er hausten 2017.

 

Dersom det er studentar utan bestått resultat i emnet, vert det satt opp ny vurdering/eksamen for desse studentane våren 2018 og hausten 2018. Eventuelle studentar som ønsker å forbetre eit tidlegare resultat, kan ta eksamen dersom det vert satt opp ny eksamen for kandidatar utan bestått resultat.

 

 

BAKTERIOLOGI: Undervisninga skal gje kunnskap om basal og klinisk bakteriologi og kjennskap til utvalde protozoar/parasittar, sopp og helmintar av humanpatologisk betyding.

Hovudemne er: Samansetting av den normale mikrobefloraen hos mennesket, bakterielle virulensfaktorar som bidrar til ein sjukdomsframkallande prosess, laboratoriediagnostikk, hindring av smitte og nedkjemping av infeksjonar.

 

VIROLOGI: Undervisninga skal gje kunnskap om basal og klinisk virologi.

Det er fire hovudemne: Korleis virusinfeksjon kan gje sjukdom, korleis vi kan førebyggje sjukdom med vaksiner, korleis ein kan behandla virusinfeksjonar, og virologisk diagnostikk.

 

IMMUNOLOGI OG TRANSFUSJONSMEDISIN: Undervisninga skal gje kunnskap om basal og klinisk immunologi, samt transfusjonsmedisin.

Det er tre hovudemne i immunologi: Korleis immunapparatet fungerer normalt i kampen mot infeksjonar (under dette prinsippa for vaksine), korleis feilfunksjon kan gje sjukdom, og immunologisk diagnostikk.

Hovudemne i transfusjonsmedisin er dei viktigaste blodtypeantigena og framstilling og bruk av blodceller og blodprodukt.

 

Læringsutbyte

Bakteriologi:

Kunnskapar:

Praktiske evner:

Virologi:

Kunnskapar:

Praktiske evner:

Immunologi og transfusjonsmedisin:

Kunnskapar:

Praktiske evner:

Generell kompetanse:

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

PARA I:

Bakteriologi:

Førelesingar: 11

Lab.kurs: 9

Virologi:

Førelesingar: 9

Lab.kurs: 0

Immunologi:

Førelesingar: 8

Lab.kurs: 4

PARA II:

Bakteriologi:

Førelesingar: 0

Lab.kurs: 6

Kollokvium: 4

Virologi:

Førelesingar: 0

Lab.kurs: 6

Kollokvium: 4

Immunologi:

Førelesingar: 3

Lab.kurs: 6

Kollokvium: 4

Transfusjonsmedisin:

Førelesingar: 8

Lab.kurs: 6

Kollokvium: 0

I tillegg kjem 2 timar eksamenskollokvium, 30 minutt til kvar disiplin.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieøvingar i immunologi og mikrobiologi, Parablokk 1.

(12 timar obligatorisk laboratoriekurs).

Laboratoriekurset skal vere fullført før ein tek eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet er ikke karakter-tellende, men må være godkjent i henhold til emnebeskrivelsen for at studenten skal kunne fremstille seg til vurdering.

NB! En godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenningen.

Vurderingsformer

Fire timar skriftleg eksamen og ein time praktisk eksamen.

Hjelpemidler: Ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Emneansvarleg: Harald Wiker@k2.uib.no

Studieadministrative spørsmål: studie@kliniskmedisin.uib.no eller Elin.Heggernes@uib.no