Emner: MEDPAT-B Patologi, B-kull - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Profesjonsstudiet i medisin, andre avdeling

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

Dette emnet høyrer til studieplanen frå 2005, som vi held på å avvikle. Siste semester for undervisning og ordinær vurdering/eksamen i emnet er våren 2017.

 

Dersom det er studentar utan bestått resultat i emnet, vert det satt opp ny vurdering/eksamen for desse studentane hausten 2017 og våren 2018. Eventuelle studentar som ønsker å forbetre eit tidlegare resultat, kan ta eksamen dersom det vert satt opp ny eksamen for kandidatar utan bestått resultat.

 

 -----

 

Faget omfatter læra om sjukdomsprosessar og dei tilhøyrande morfologiske endringane i kroppen sine organ. Undervisninga er delt inn i generell og spesiell patologi.

 

I den generelle delen får ein innføring i grunnleggjande sjukdomsomgrep. Dessutan vil studente få innsikt i dei viktigaste generell sjukdomstypane som til dømes betennelse, aterosklerose og svulstar. Spesiell patologi byggjer på det som vert undervist i den generelle delen. Her lærer ein korleis sjukdomsomgrepa og sjukdomsprosessane kjem til uttrykk i dei organa som vert ramma.

 

Både i generell og spesiell patologi vil undervisning om mikroskopiske og makroskopiske forandringar i celler og vev som følgje av sjukdom stå sentralt. Dette skal gjere at studenten kandanne seg konkrete bilete av dei endringane i kroppen som sjukdom fører til.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

- Kjenne til prinsippa for generelle sjukdomsprosessar inkludert terminologi og definisjonar

- Kjenne til sjukdomsårsakar (etiologi) og -mekanismer (patogenese)

- Kjenne til korleis dei vanligaste sjukdomane kjem til uttrykk i kvart organ, både mikroskopisk og makroskopisk

- Kjenne til sentrale prosessar og kjenneteikn for kreft- og kreftutvikling

 

Ferdigheiter:

- Kunne skilje mellom normale og klart patologiske vev og organ, både mikroskopisk og makroskopisk

- Kunne gjere greie for samanhengen mellom pasientens sjukehistorie og dei funn ein gjer i celler, vev og organ

- Kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar godarta og ondarta svulstar

- Kunne forstå patologirapportar som svar på innsende prøver .

 

Generell kompetanse:

-Forstå at kjennskap til patologiske endringar i celler, vev og organ er grunnleggjande for legen sin kunnskap om sjukdom

- Kunne kommunisere med patolog om undersøkelser og funn

Kontaktinformasjon

studie@kliniskmedisin.uib.no