Emner: MET102 Samfunnsvitenskapelig metode - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskningsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.

 

Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudier, komparativ metode, regresjonsanalyse og innhaldsanalyse, gjennomgått.

 

 

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

 

- Vise til etiske problemstillingar i samfunnsvitskapeleg forsking.

 

- Definere grunnleggjande omgrep i samfunnsvitskapeleg metode.

 

 - Gjere greie for ulike kjelder, samt organisere og presentere ulike datatypar for analysar.

 

- Diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar.

 

- Gjere greie for observasjon som metode, komparativ metode og case-studiar.

- Gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse.

 

- Demonstrere ferdigheiter i å skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar. 

- Evaluere og kritisere samfunnsvitskapelege analysar.

Tilrådde forkunnskapar

SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar og ExPhil.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar, kollokvie og laboratoriearbeid i PC-stover.

Talet på førelesingstimar: rundt 36

Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

Seks timers skriftleg eksamen (09:00-15:00).

 

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap.

Vurderingssemester

Haust og vår

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ studieveileder@aorg.uib.no/ studieveileder@sos.uib.no

 

 

 

Institutt

Emnet er eit samarbeid mellom Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt.