Emner: MEVI101 Medier: institusjoner og historie - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

I dette emnet vert media som samfunnsinstitusjonar, media si relevans for maktutøving og media som maktutøvarar diskutert. I tilknyting til dette vert ein rekke mediepolitiske og medieøkonomiske spørsmål handsama, og det vert gitt ei oversikt over media si historie, organisering, struktur, mål, konvensjonar, normer og funksjoner. Det vert lagt vekt på å skildre sentrale tendensar i den internasjonale mediehistorie og -struktur, samt på å skildre norske medier si særlege utvikling og karakteristiske trekk på denne bakgrunn.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

 

- gjere greie for grunntrekka ved media si historie og struktur

- gjere greie for grunntrekka ved media som samfunnsinstitusjonar og som maktutøvarar, nasjonalt og internasjonalt.

- Gjere greie for dei sentrale rammevilkåra for medieproduksjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på MEVI100. Studentar som ikkje har MEVI100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og oppgåveseminar. Seminaret kan vere IKT-støtta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent skriftleg arbeid på 5-8 sider. Godkjent munnleg presentasjon av det skriftlege arbeidet i oppgåveseminaret. Instituttet kunngjer fristen for innlevering av arbeidet ved starten av semesteret.

Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 7 dagar, karaktersett med bokstavkarakterar (A-F). Oppgåva skal vera på 3500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar kvart 3.år, av faglærer kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap