Norsk
Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av -teoriar og metodar for analyser av mediebruk og media sitt publikum.
Dette emnet tar opp forholdet mellom media og deira publikum. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene og kva dei får ut av den bruken, og dette vert knytt opp mot konkrete undersøkingar frå historisk og samtidig publikumsforsking. Emnet går inn på kva medier betyr for kultur og samfunnsutviklinga og for folk sitt daglegliv, og legg vekt på mediene si rolle som vår tids viktigaste forum for offentleg kommunikasjon der meiningar vert formidla og forhandla. Emnet gir innføring i sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta på dette feltet.
Ingen
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Institutt for informasjons- og medievitskap