Emner: MEVI102 Mediepublikum - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av -teoriar og metodar for analyser av media sitt publikum.

Dette emnet tar i hovudsak opp forholdet mellom media og deira publikum. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene og kva dei får ut av den bruken, og dette vert knytt opp mot konkrete undersøkingar. Emnet går vidare inn på kva medier, som teknologi og som tekster, betyr for kultur og samfunnsutviklinga. Emnet legg vekt på mediene si rolle som vår tids viktigaste forum for offentleg kommunikasjon der meiningar, verdiar etc. vert formidla, forhandla og reforhandla. Dessutan vert det gitt ei oversikt over ulike analysemetodar som vert nytta på dette feltet.

Læringsutbyte

Etter avslutta emne har kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på MEVI100. Studentar som ikkje har MEVI100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og oppgåveseminar. Førelesingane er i hovudsak teoretisk orienterte, men inkluderer ein introduksjon til både kvantitativ og kvalitativ metode. Seminaret er retta inn mot løysing av øvingsoppgåver med utgangspunkt i pensum. Seminaret kan vere IKT-støtta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

 

 

Vurderingsformer

Seks timars skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap