Vår.
Hovudmålet for emnet er å få fram nanovitskapen og -teknologien sin eigenart gjennom eksempel henta frå (i) aktuelle forskingsprosjekt ved og utanfor Universitetet i Bergen, (ii) aktørar i norsk næringsliv som utviklar nanoteknologiske anvendingar, og (iii) problemstillingar av etisk og samfunnsmessig karakter knytt til teknologi. Eit delmål er at studentane skal få innsikt i kva forskning er og korleis naturvitskapleg forsking og forskningsformidling føregår. Arbeidsforma består av ei førelesningsrekke om ulike aktuelle nanovitskaplege og -teknologiske tema med lokale og eksterne foredragshaldarar. Kvar førelesning vert førebudd i eit obligatorisk diskusjonskollokvium. I tillegg blir kvar student assosiert til ei forskingsgruppe gjennom semesteret og deltar kvar veke i arbeidet i gruppa for å bli kjent med ei nanovitskapleg problemstilling og tilknytte arbeidsmetodar. I denne samanhengen blir det definert eit individuelt skriftleg pensum som gir bakgrunn for metodar og problemstillingar i gruppa, og journalføringa skal reflektere at det skriftlege pensumet er forstått. I slutten av semesteret lagar og presenterer studentane kvar sin plakat over den nanovitskaplege eller -teknologiske problemstillinga frå "si" forskingsgruppe.
Tatt opp til bachelorprogrammet i nanoteknologi.
KJEM110, kan lesast parallelt.
Det er eit krav for å kunne melde seg til undervisning og vurdering i emnet at studenten i semesteret før planlagt undervisningssemester, deltek aktivt i prosessen som studieadministrasjonen gjennomfører for å identifisere vertsgruppe for studenthospiteringa. Nærare informasjon etter førespurnad til studierettleiar@nano.uib.no.
Deltaking på minst 10 av 12 førelesingar. Deltaking på minst 10 av dei 12 første kollokvia. Deltaking i arbeidet i ei forskingsgruppe, inkl. føring av journal. Av den totale tida på tre timer kvar veke vil typisk 1-2 timer nyttast til aktiv observasjon i forskargruppa og typisk 1-2 timer være dedisert til føring av journal. I tillegg skal kvar student lage ein poster som presenterer det faglege innhaldet i forskingsprosjektet som studenten har vore knytt til i hospiteringsperioden samt førebu ein munnleg presentasjon av det faglege innhaldet i posteren.
Emnet nyttar mappeevaluering med fire element: fleirvalstest, prosjektoppgåve, poster, og munnleg presentasjon. For å få levere mappeelement må studenten ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar, inkludert godkjent oppmøte på kollokvia og førelesningar og oppfylt timetall for hospitering i forskargruppa dokumentert ved dagbok. Mappa blir vurdert som Bestått/Ikkje bestått. Bestått vurdering føreset at alle mappeelementa (fleirvalstest, prosjektoppgåve, poster, og munnleg presentasjon) kvar for seg blir vurdert til å vere på nivå tilsvarande Bestått. Detaljerte retningsliner for vurdering av kvar av mappeelementa er gitt i eige vedlegg.
Kvart av mappeelementa er gyldige i 2 påfølgjande semester etter semesteret dei vart gjennomført i.
Studentar som manglar godkjent prosjektrapport og/eller poster, må gjennomføre alle mappeelementa på nytt i eit semester kor det er undervisning i emnet.
Studentar som har godkjent og gyldig både prosjektrapport og poster men manglar godkjent og gyldig resultat på anten eitt eller begge av mappeelementa fleirvalstest og munnleg presentasjon, har høve til å gjennomføre ein skriftleg skuleeksamen (2 t). Dersom studenten får bestått på skuleeksamen inneber det at emnet er bestått.
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
studieveileder@nano.uib.no, studierettleiar@nano.uib.no eller telefon: 555 83446.