Emnet omhandlar fysiske og kjemiske føresetnader for nanoteknologi, med vekt på samanhengar mellom atomære vekselverknader og strukturen til ulike typar nanoaggregat. Ulike karakteriseringsmetodar blir gjennomgått: Grunnleggjande røntgendiffraksjon, bølgjebasert mikroskopi (optisk og elektron), sveipmikroskopi (sveiptunnell- og atomkraftmikroskopi), og spektroskopi. Topp-ned metodar for framstilling av nanostrukturar blir gjennomgått. Emnet gir også perspektiv på den framtidige utviklinga av feltet.
I tillegg til førelesningar og rekneøvingar inngår det 4 eksperimentelle øvingar med tilhøyrande laboratorierapporter. Kurset består av førelesningar, eksperimentelle øvingar og rekneøvingar. Dei eksperimentelle øvingane blir utført i grupper, men rapportane skal utformast og blir vurdert individuelt.
Skriftlege svar på utvalde kollokvieoppgåver. Desse obligatoriske arbeidskrav tel ikkje med i sluttkarakteren.
Laboratoriekurs med rapport. Rapportane inngår i vurderingsgrunnlaget.
1. Føring av labjournalar (tel 25 % av karakteren).
Journalane vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Om ein journal ikkje er bestått kan han leveres inn igjen etter omarbeiding. Laboratoriedelen til NANO161 vurderas om eit heile basert på alle laboratorieøvingane i karakterskalaen A-F.
2. 4t skriftleg eksamen (tel 75 % av karakteren).
Tilletne hjelpemiddel ved eksamen: Enkel kalkulator i tråd med fakultetet sine retningslinjer. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.
Administrativ koordinator for nanoteknologi.
E-post:
Telefon: 55 58 34 46.