Emnet skal gi studentar med naturfagkombinasjon ei brei didaktisk kompetanse i alle naturfaga (biologi, fysikk og kjemi). Derfor blir emnet samansett av opp til tre førelesningsdelar i naturfagdidaktikk avhengig av fagkombinasjone.
Læringsutbyte
Studentane skal kunne
drøfte bruk av elevøvingar, demonstrasjonar og IKT i undervisninga og korleis leggje til rette for refleksjon
definere og drøfte omgrepa utforskande arbeidsmåtar og modellering, og drøfte mogleg læringsutbyte og tilrettelegging for læring gjennom slike metodar
reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i kontroversielle tema
kjenne ulike måtar å organisere felt undersøkingar og korleis feltarbeid kan stimulere interesse og læring hos elevane
drøfte, eksemplifisere og bruke omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk. Desse emna omfattar til dømes vurdering og læringsstrategiar.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Naturfagdidaktikk 18 timer forelesning
Realfagdidaktikk 10 timer forelesning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Bestått rettleia praksis i skulen To obligatoriske oppgåve (gyldige i to påfølgjande semester)
Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve knytt til forelesingane i realfagsdidaktikk (tel 25 % av samla karakter). Må vere bestått for å kunne bestå emnet. Prosjektoppgåve (tel 75 % av samla karakter)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.