Emnet har to hovudområde:
¿ Språkutvikling og tekstforståing: kompetanse og danning
¿ Lesing, litteraturdidaktikk og teksthistorie
Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå og saman med djupare fagkunnskap leggje grunnlag for djupare refleksjon og praktisk dugleik i undervisning i norskfaget i skulen. Emnet skal bidra til at studenten utviklar ein faglæraridentitet der han tek heile sin faglege basiskomptanse i språk og litteratur i bruk som ressurs i undervisninga.
Etter å ha studert emnet skal studentane:
¿ Vise innsikt i tekstforståing, leseprosessar og språkutvikling
¿ Kunne bruke fagkunnskap, erfaring frå eiga undervisning og teoretiske perspektiv i pensumlitteraturen til å reflektere over norskundervisning og elevane si læring i faget
¿ Kunne lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og arbeidsmateriale heng saman med innsikt i grunnleggjande fagforståing og i innsikt i læringsprosessar i norskfaget
¿ Vise innsikt i korleis norskfagleg kunnskap kan utviklast på ulike måtar i høve til ulike elevgrupper, på ulike nivå og i ulike skuleslag og studieprogram.
Minimum 60 studiepoeng i norskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur inkludert 5 studiepoeng nordisk fagdidaktikk.
Opptak til integrert lektorutdanning ved HF-fakultetet
Førelesingar: 12 timar fordelt på seks veker (ein dobbelttime i veka)
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit fagleg innlegg.
Spesifikasjonane vert fastsette i undervisningsplanen for kurset.
Studentar som er utanlands i semesteret får eit alternativt opplegg for obligatorisk aktivitet etter avtale med faglærer.
Eksamensforma er sju dagars heimeeksamen med oppgjeve emne, ca sju sider. Retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.
Instituttet avgjer målforma på eksamen ved loddtrekning. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet målform seinast ei veke før eksamen.
Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert rett og god språkføring vektlagd.
Studentar som er utanlands i semesteret har same eksamen som dei andre studentane med mindre det finst kompatible fagdidaktikkeiningar der dei er.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for NODI 201 utgjer om lag 400 sider av normal vanskegrad.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no