Emner: NODI302 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning - Høst 2017
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Undervisningssemester
Vårsemesteret. 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med nordisk som fag I.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har fire hovudområde:
- Strategiar for språkkompetanse
- Tekstformer og læringsprosessar
- Det fleirkulturelle klasserommet
- Teksten og lesaren
Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå NODI101 og frå NODI201 og saman med djupare fagkunnskap, pedagogikk og praksis leggje grunnlag for djupare refleksjon og praktisk dugleik i undervisning i norskfaget i skulen. Emnet skal bidra til at studenten kan sertifiserast som norsklærar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule og emnet siktar difor mot svært høg fagdidaktisk innsikt. Det inneber både djup innsikt i grunngjevingar for alle emne i skulefaget norsk og evne til å planleggje, gjennomføre og reflektere over eiga norskundervisning og elevane sine læringsprosessar.
Læringsutbyte
Etter å ha studert emnet skal studentane:
- Kunne undersøke læring i eige klasserom i norskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette skriftlig og munnleg.
- Kunne drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring i norskfaget i høve til kulturelle mål for skulen og i høve til ulike kulturelle føresetnader i skulen.
- Kunne drøfte styringsdokument for norskfaget i høve til fagtradisjonar og fagutvikling
- Kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i norsk i høvet til alle dei ulike emna i skulefaget og kunne grunngje val og vurderingar i høve til eige fagsyn.
Krav til forkunnskapar
100-nivå og 200 nivå i språk og litteratur og norsk fagdidaktikk pluss minst 15 studiepoeng nordisk på 300 nivå og 8 veker praksis i skulen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak til integrert lektorutdanning ved HF.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Minst 8 dobbelttimar førelesingar og 2 dobbelttimar seminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane
- ha ei munnleg framlegging der dei presenterer ein eller fleire pensumtekstar og drøfter den/dei i lys av eigne erfaringar og fagsyn
- motta rettleiing frå faglærar på semesteroppgåva
Vurderingsformer
Eksamensforma er ei rettleidd semesteroppgåve som skal leverast innan seks veker etter oppgåveteksten er utdelt. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 4000 ord (sirka 24000 teikn), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for NODI302 utgjer om lag 800 sider av normal vanskegrad.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no