Emner: NOFI250 Norrøn filologi bacheloroppgave - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI250 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei oppnår på NOFI210. Emnet høver såleis for studentar som vil halde fram med eit masterstudium i norrøn filologi.

Vidare er målet med dette emnet at studenten skal få øving i å skrive ei sjølvstendig vitskapleg arbeid med rettleiing av faglærar. Bacheloroppgåva skal gje motivasjon for eit vidare studium på masternivå.

Tema hausten 2017: Vikingene

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI250

- har fått innføring i vitskapleg arbeidsmåte på bachelornivå gjennom førebuinga til og skrivinga av bacheloroppgåva

- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

- har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NOFI250 gjev ei vidaregåande innføring i norrøn filologi, og det er derfor tilrådeleg å ha eit grunnlag på minst 30 studiepoeng i norrønt, i alle fall NOFI101 og NOFI210, gjerne også eitt eller fleire av kursa NOFI106, NOFI107, NOFI108, NOFI109, NOFI110 og NOFI112.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga på 200-nivå vil i stor grad bli organisert som seminar med aktiv deltaking. Det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Undervisninga i NOFI250 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i NOFI210, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 300-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.

Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker. I alt om lag 24 timar undervisning.

Det blir i tillegg gjeve rettleiing på bacheloroppgåva.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane.

2) Studentane må halde ein presentasjon (15 - 20 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

4) Utarbeiding av bacheloroppgåve:

a) Studenten vel tema for bacheloroppgåva i samråd med faglærar. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk, men studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram.

b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering.

c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve og justerande munnleg eksamen.

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 17 - 23 sider (34000 - 46000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mitt UiB.

Bacheloroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Etter at bacheloroppgåva er vurdert, blir det halde ein munnleg eksamen. Denne prøva er ein diskusjon omkring bacheloroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva. Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege eksamenen.

Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på bacheloroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Dersom studenten stryk på bacheloroppgåva, blir det ikkje halde nokon munnleg eksamen.

Det er ikkje høve til å bruke bacheloroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for bacheloroppgåva i det aktuelle semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A - F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

NOFI250 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (¿vekta sider¿). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.

For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no