Emner: NOFI303 Norrøn filologi spesialisert emne III - Høst 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

NOFI303 kan takast i alle semester av masterstudiet utanom det første semesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI303 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

Tema hausten 2017: Vikingene

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI303

har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien

har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg i form av ei førelesing

 

Ferdigheiter

Kandidaten

kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

kan leggje fram materialet på ein velstrukturert måte innanfor rammene av ei offentleg førelesing

 

Generell kompetanse

Kandidaten

kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema

kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar i norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Det kan oppstå fagleg overlapping mellom temaet for NOFI303 og NOFI210/211/250 eller NOFI300/302/304. I fall temaet for to kurs delvis er det same, må studenten avtale eit særskilt pensum med faglærar, slik at det blir tilstrekkeleg skilnad mellom tema for dei to kursa.

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i norrøn filologi, masterstudiet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet har felles undervisning med NOFI300, NOFI302 og NOFI304.

Undervisninga på masternivå vil i stor grad bli organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker, i alt om lag 24 timar undervisning.

For studentar som skal skrive semesteroppgåve, blir det i tillegg gjeve rettleiing på oppgåva.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av undervisninga.

2) Studentane må halde ein presentasjon (20-25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Prøveførelesing på 45 minuttar over eit tema frå pensumet, vanlegvis halden i slutten av semesteret. Prøveførelesinga skal framførast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Temaet for prøveførelesinga blir fastsett av faglærar og kunngjort to veker før førelesinga skal haldast.

Rett før framføringa skal kandidaten levere ein skriftleg versjon av førelesinga til eksamenskommisjonen; karakteren blir fastsett på grunnlag av den munnlege framføringa.

Førelesinga er offentleg.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A - F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

NOFI303 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur. For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av dette pensumet i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no