Både vår- og haustsemesteret.
NOFI303 kan takast i alle semester av masterstudiet utanom det første semesteret.
NOFI303 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.
Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.
Tema våren 2017: Koding og annotasjon av norrøn tekst.
Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI303
har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset
har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien
har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg i form av ei førelesing
Ferdigheiter
Kandidaten
kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling
kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand
kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur
kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling
kan leggje fram materialet på ein velstrukturert måte innanfor rammene av ei offentleg førelesing
Generell kompetanse
Kandidaten
kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema
kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse
kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt
kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar i norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga
Emnet har felles undervisning med NOFI300, NOFI302 og NOFI304.
Undervisninga på masternivå vil i stor grad bli organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker, i alt om lag 24 timar undervisning.
For studentar som skal skrive semesteroppgåve, blir det i tillegg gjeve rettleiing på oppgåva.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
1) Oppmøte på minst 75 % av undervisninga.
2) Studentane må halde ein presentasjon (20-25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.
Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Prøveførelesing på 45 minuttar over eit tema frå pensumet, vanlegvis halden i slutten av semesteret. Prøveførelesinga skal framførast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.
Temaet for prøveførelesinga blir fastsett av faglærar og kunngjort to veker før førelesinga skal haldast.
Rett før framføringa skal kandidaten levere ein skriftleg versjon av førelesinga til eksamenskommisjonen; karakteren blir fastsett på grunnlag av den munnlege framføringa.
Førelesinga er offentleg.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no