Emner: NOFI304 Norrøn filologi spesialisert emne IV - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI 304 omfattar eit emne frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av emne vil skifte frå semester til semester.

 

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

Tema våren 2017: Koding og annotasjon av norrøn tekst.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI304

- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

- har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien

- har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Det kan oppstå fagleg overlapping mellom temaet for NOFI304 og NOFI210/211/250 eller NOFI300/302/303. I fall temaet for to kurs delvis er det same, må studenten avtale eit særskilt pensum med faglærar, slik at det blir tilstrekkeleg skilnad mellom tema for dei to kursa.

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i norrøn filologi, masterstudiet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet har felles undervisning med NOFI300, NOFI302 og NOFI303.

Undervisninga på masternivå vil i stor grad bli organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga. Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker, i alt om lag 24 timar undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane.

2) Studentane må halde ein presentasjon (20 - 25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

4) For studentar som vel semesteroppgåve:

a) Studenten vel temaet for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk, men studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram.

b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering.

c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ved oppmelding kan studentane velje mellom to eksamensformer:

Anten:

Ein skriftleg skuleeksamen på 6 timar, utan bruk av hjelpemiddel. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Eller:

Ei rettleidd semesteroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.

Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Omfanget av oppgåva skal vere på 13 - 17 sider (26000 - 34000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mitt UiB.

Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Den munnlege eksamenen omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege eksamenen.

Det er ikkje høve til å bruke semesteroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for semesteroppgåva i det aktuelle semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A til F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

NOFI304 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur. For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av dette pensumet i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no