Bachelor.
Haust/vår.
Bergen
Emnet skal auke studentane sitt medvit om ulike tilnærmingsmåtar til litterære tekstar. Pensum inneheld ei rekkje sentrale litteraturteoretiske og litterære tekstar, som vert presenterte og diskuterte, kvar for seg og i høve til kvarandre.
Undervisninga i vårsemesteret er i hovudsak felles med NOLI210-L.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no