Bachelor.
Vår.
Bergen
Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal utfylle breiddestudiet på 100-nivå og gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg der.
Emnet er ein valfri del av bachelorgrad med spesialisering i nordisk, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget.
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv.
Tema våren 2017: Dagligspråksfilosofi. Felles undervisning med NOLI321.
Undervisninga er felles med NOLI321.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studentane må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Det vert ikkje arrangert eksamen utanom undervisningssemesteret.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no