Emner: NOLISP302 Nordisk: Prosjektutvikling - Høst 2017




Studiepoeng

5.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningsspråk

 Norsk og ev. dansk og svensk.

Undervisningssemester

Haust/vår 

Tilrådd i 2. semester av MAHF-NORD.

8. semester av MAHF-LÆNO (vår).

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

 Hovudmålet med emnet er at studenten skal planlegge arbeidet med masteroppgåva si i samråd med oppnemnd rettleiar. Studenten skal utforme planane i ei prosjektskisse og legge dei fram munnleg. Studenten skal òg vere med og diskutere ein annan masterstudent sin prosjektpresentasjon.

 

Prosjektskissa femner normalt om

alt tilpassa det planlagde arbeidet.

 

Arbeidet skal byggjast på faglege kunnskapar og innsikter, og det er eit mål med emnet at studenten skal få øving i å skaffe seg nødvendig informasjon og kunnskap ved sjølvstendig innsats. Dette skal gjerast i tilknyting til det individuelle særemnet, der studenten legg opp eit spesialisert pensum i samråd med rettleiar.

 

Tidleg i semesteret skal studenten inngå rettleiingskontrakt. Faglærarane på emnet og fagkoordinatorane hjelper studenten med å finne ein passande rettleiar.

 

Pensumet er på ca. 350 sider og gir ei innføring i planlegging og gjennomføring av oppgåveskriving.

Læringsutbyte

 Kunnskapar:

Studenten

- har innsikt i kva komponentar som trengst i planar for eit forskingsarbeid

 

Ferdigheiter:

Studenten

- kan planlegge eit forskingsarbeid ved å formulere tematisk avgrensing, problemstilling og forskingsspørsmål, gjere greie for teoretisk og faghistorisk plassering, metodar og materiale, sette opp tidsplan og tekstdisposisjon

- kan presentere eigne forskingsplanar munnleg og skriftleg

- kan diskutere andre sine forskingsplanar munnleg

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

 Emnet overlappar med tidlegare NOLISP300. Dei to emna i kombinasjon gir totalt 15 sp.

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Om lag 4 timar undervisning tidleg i semesteret og 2 timar seint i semesteret. Undervisninga kan vere felles for språk og litteratur eller bli gitt i to grupper.

 

Oppnemnd rettleiar gir om lag 4 timar rettleiing under skrivinga av prosjektskissa og utarbeidinga av prosjektpresentasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 1. Munnleg presentasjon av prosjektplan på slutten av semesteret. Presentasjonen skal vare 10¿15 minutt og vere i samsvar med skildringa av prosjektskisseinnhald ovanfor.

2. Diskusjon av ein annan masterstudent sin prosjektpresentasjon (jf. ovanfor).

 

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

 Rettleidd oppgåve i form av ei prosjektskisse på ca. 2500 ord (om lag 7 sider) som skal leverast til fastsett frist etter munnleg presentasjon av prosjektplanane.

 

Studenten vel målform sjølv. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

 

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon