Emner: NOLISP350 Mastergradsoppgave i nordisk - Høst 2017




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

 

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret

 

Undervisningsstad

Bergen

 

Mål og innhald

Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne innanfor nordisk språk eller litteratur. Norsk (nordisk) fagdidaktikk og norsk (nordisk) som andrespråk er her rekna som delar av nordistikken, og emne med tilknyting over disiplingrenser er òg moglege. Emnet kan vere moderne eller eldre språk eller litteratur.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig, avgrensa vitskapleg arbeid som studenten skriv under rettleiing. I oppgåva må studenten dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. 

 

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Studenten

- har solid spesialisert forståing av sentrale empiriske, metodiske og teoretiske problemstillingar på eit forskingsfelt innanfor nordistikken

- har innsikt i korleis ein gjennomfører forskingsprosjekt

- har god forståing av relevante forskingsetiske spørsmål

 

Ferdigheiter:

Studenten:

- kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg forskingsarbeid innanfor nordistikken

- kan skrive ei vitskapleg avhandling i ei språkleg og tekstleg form som passar til emnet

- kan gjere greie for, drøfte og vurdere kritisk metodiske og teoretiske val i forskingsarbeidet

- kan knyte eiga forsking til andre studiar på same forskingsfeltet

- skriv korrekt og godt og kan strukturere lengre tekstar

 

 

Krav til forkunnskapar

NOLISP302, NOLISP303(-L)

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Masterprogram i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I arbeidet med masteroppgåva får studentane tildelt ein fagleg rettleiar. Tildelinga skjer som ein integrert del av prosjektuviklingsemnet NOLISP302. Student og rettleiar skriv begge under på ein rettleiingskontrakt. Student og rettleiar må saman syte for at emnet og opplegget for oppgåva gjer det mogleg for studenten å avslutte arbeidet innanfor normert studietid.

Det er forventa at studenten deltek i diskusjonar og med eigne bidrag på avhandlingsseminar og forskargruppeseminar i den grad det finst relevante slike.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing på masteroppgåva er obligatorisk.

Vurderingsformer

Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen.

Masteroppgåva skal ha eit omfang på 70-110 sider. Vesentlege avvik frå dette er grunn til trekk i karakter.

Instituttet reknar at ei normalside har om lag 2000 teikn eller 350 ord. Ulike vedlegg kan kome i tillegg til dette sidetalet. Slike vedlegg kan omfatte tabellar, korpusoversikter, avskrifter av primærkjelder og anna grunnlagsmateriale.

Samandrag av innhaldet på norsk og engelsk skal takast med i oppgåva (om lag éi side kvar). Samandraga skal innehalde opplysningar om namnet på forfattaren og tittelen på oppgåva, kort presentasjon av emnet, kva materiale oppgåva byggjer på (primærmateriale og eventuelt dei viktigaste sekundærkjeldene), problemstillingar og metode/tilnærmingsmåte, disposisjon av stoffet, og til slutt konklusjonen og resultatet som oppgåva legg fram. Samandraga kjem etter litteraturliste og eventuelle vedlegg.

Studentar på integrert lektorutdanning skriv om lag éi side der dei gjer greie for profesjonsrelevansen i oppgåva, jf. Forskrift om rammeplan for lektorutdanning for trinn 8-13, § 3. Denne teksten plasserer ein etter samandraga.

Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Mitt UiB innan gjeldande frist.

Etter at masteroppgåva er godkjend og evaluert, blir det halde ein munnleg eksamen som består av ein diskusjon omkring masteroppgåva, der studenten kan drøfte oppgåva med sensorane, svare på kritiske merknader og gjere greie for metode og/eller faghistorisk profil i oppgåva.

Masteroppgåva blir vurdert etter ein gradert karakterskala frå A til F. Munnleg eksamen i avhandlingsdelen er justerande i høve til karakteren på masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no