Emner: NORAN101 Norsk språk som andrespråk - Vår 2017
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om korleis det norske språket er bygd opp, og hovudtrekk ved norsk fonologi, morfologi, syntaks og vokabular
- har kjennskap til sentrale språklege likskapar og skilnader mellom ulike språk
- har kunnskap om kva ved det norske språket som kan vere spesielt vanskeleg å lære for ein som skal lære seg norsk som andrespråk, og kvifor dette er vanskeleg
- har innsikt i kva språklege trekk som kjenneteiknar innlærarspråk
Dugleik:
Studenten
- kan analysere og tolke innlærarspråk på alle språklege nivå
- har lært seg å bruke grammatikk-bøker til å slå opp og finne stoff om språklege fenomen han treng å finne ut meir om
- kan reflektere over kva språklege utfordringar personar som lærer seg norsk som sitt andrespråk, står overfor
Generell kompetanse:
Studenten
- har ein kunnskapsbase om den norske språkstrukturen -
sett i eit komparativt og språkdidaktisk perspektiv - som set han i stand til å kunne undervise i norsk som andrespråk og til å tilføre ny innsikt i eige morsmål til personar som har norsk som førstespråk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
NORAN101 og NORAN101-F har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Om lag 52 timar undervisning anten i form av førelesingar eller seminar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere ei øvingsoppgåve til fastsett frist. Oppgåva skal skrivast på bokmål. Oppgåva skal vere på ca. 1500 ord. Det er vidare obligatorisk å halde eit kort munnleg innlegg ein gong på eit seminar.
Ein må ha fått godkjent oppgåva og det munnlege innlegget for å kunne gå opp til eksamen.
Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på seks timar. Kandidaten vel sjølv målform.
Kandidaten kan nytte sitt eige eksemplar av boka Norsk grammatikk av Jon Erik Hagen som hjelpemiddel på skuleeksamenen.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no