Emnet gir auka kunnskap om og dugleik i språkleg tekstanalyse.
Av aktuelle tema kan nemnast stilistikk, tekstbinding, munnleg vs. skriftleg språk, moderne skriftvariasjon, mediespråk, fagspråk, lærebokspråk, elevspråk.
Ikkje alle dei nemnde temaa treng å vere med, og andre tema som passar inn, kan òg vere aktuelle.
Kunnskap
Kandidaten har kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innanfor språkleg tekstanalyse.
Kandidaten kjenner til viktige språklege hjelpemiddel og ressursar (t.d. ordbøker og ordlister, nettsider om språk, skriftspråkskorpus).
Dugleikar
Kandidaten kan bruke teoretisk kunnskap om språkleg tekstanalyse og nytte språklege hjelpemiddel og ressursar i eige arbeid med tekstar.
Kandidaten kan reflektere kring analysane og bruk av språkleg tekstanalyse i framtidig yrkespraksis.
Generell kompetanse
Kandidaten kan nytte innsikter og dugleik i språkleg tekstanalyse i yrkes- og samfunnssamanhengar der tekstar inngår.
Det er tre samlingar på to dagar kvar i løpet av semesteret. Undervisninga (eller delar av den) kan vere felles med nærstudieemna i språkbruksanalyse.
I tillegg er det nettbasert oppfølging med oppgåver og diskusjonar.
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
Det er obligatorisk å levere utkast til mappetekstane (jf. Vurderingsformer) innan fristar som vert kunngjorde på Mitt UiB, og å motta rettleiing på utkasta.
Mappevurdering med tre tekstar på 1500¿2000 ord kvar. Tekstane kan ha ulike fristar for endeleg levering gjennom semesteret. Fristane vert kunngjorde på Mitt UiB. Oppgåvene i mappa vert vekta likt. Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret.
Tekstane skal skrivast på nynorsk. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Pensum utgjer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Ved semesterstart vil det liggje føre ei detaljert pensumliste. Dersom studenten ønskjer endringar av pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert kunngjord på Mitt UiB, og ho må godkjennast av emneansvarleg.