Emner: NOSP250-L Nordisk: Språkbruksanalyse med bacheloroppgave - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Norsk og ev. dansk og svensk.

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet gir auka kunnskap om og dugleik i språkleg tekstanalyse.

Av aktuelle tema kan nemnast stilistikk, tekstbinding, munnleg vs.

skriftleg språk, moderne skriftvariasjon, mediespråk, fagspråk,

lærebokspråk, elevspråk.

Ikkje alle dei nemnde temaa treng å vere med, og andre tema som

passar inn, kan òg vere aktuelle.

 

Læringsutbyte

 Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for sentrale

omgrep innanfor språkleg tekstanalyse.

Dei skal kunne nytte kunnskap og innsikter i eigne tekstanalysar.

Dei skal kunne reflektere kring analysane og bruk av språkleg

tekstanalyse i framtidig yrkespraksis.

Dei skal kjenne til og kunne bruke viktige språklege hjelpemiddel

og ressursar (t.d. ordbøker og ordlister, nettsider om språk,

skriftspråkskorpus).

Krav til forkunnskapar

 -

Tilrådde forkunnskapar

 NOSP102, NOSP103-L

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar med studierett ved integrert

lektorutdanning med master i framandspråk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane kan følgje undervisninga på NOSP210/250 om det er

praktisk mogleg.

Undervisninga er elles nettbasert. Læraren formulerer

drøftingsspørsmål til primær- og sekundærtekstane, og det er

forventa at studentane deltek aktivt i diskusjonane og startar nye

diskusjonar på eige initiativ.

Det blir gitt skriftleg rettleiing i skriving av bacheloroppgåva.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er obligatorisk å velje problemstilling for bacheloroppgåva

innan fastsett frist. Det vert informert om framgangsmåten for dette

på Mitt UiB.

Det er obligatorisk å levere to utkast til bacheloroppgåva innan

fastsette fristar.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert

gjennomførte.

Vurderingsformer

 Ei bacheloppgåve skriven under rettleiing. Oppgåva er eit

sjølvstendig forskingsarbeid og skal ha eit omfang på inntil 5000

ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Oppgåva må vise ein jamt god prestasjon der kandidaten viser god

vurderingsevne og godt sjølvstende på dei viktigaste områda.

Målforma på bacheloroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter

fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale

retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Greidd / Ikkje greidd

Vurderingssemester

Litteraturliste

 -

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Emnet har full studiepoengreduksjon med NOSP210-L.

Emnet tilsvarar 2/3 av NOSP210, NOSP250, NOSP310 og NORMAU641. Ein kan

ikkje oppnå meir enn 15 studiepoeng samla for desse emna.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no