Emner: NOSP310 Nordisk: Språkbruksanalyse - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Norsk. Svensk og dansk kan og verte nytta.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir auka kunnskap om og dugleik i språkleg tekstanalyse.

Av aktuelle tema kan nemnast stilistikk, tekstbinding, munnleg vs. skriftleg språk, moderne skriftvariasjon, mediespråk, fagspråk, lærebokspråk, elevspråk.

Ikkje alle dei nemnde temaa treng å vere med, og andre tema som passar inn, kan òg vere aktuelle.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten har kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og metodar innanfor språkleg tekstanalyse.

Kandidaten kjenner til viktige språklege hjelpemiddel og ressursar (t.d. ordbøker og ordlister, nettsider om språk, skriftspråkskorpus).

 

Dugleikar

Kandidaten kan bruke teoretisk kunnskap om språkleg tekstanalyse og nytte språklege hjelpemiddel og ressursar i eige arbeid med tekstar.

Kandidaten kan reflektere kring analysane og bruk av språkleg tekstanalyse i framtidig yrkespraksis.

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan nytte innsikter og dugleik i språkleg tekstanalyse i yrkes- og samfunnssamanhengar der tekstar inngår.

Krav til forkunnskapar

-  

Tilrådde forkunnskapar

 NOSP102 og NOSP103 eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

NOSP210, NOSP250, NOSP310 og NORMAU641 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. NOSP210-L tilsvarer 2/3 av NOSP210, NOSP250, NOSP310 og NORMAU641, slik at utteljinga for NOSP210-L i kombinasjon med eitt av dei andre emna blir 15 stp.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det er tre samlingar på to dagar kvar i løpet av semesteret. Undervisninga er felles med NOSP210/250 og dels NOSP210-L. Undervisninga (eller delar av den) kan vere felles med Språkkunnskap på Erfaringsbasert master med fordjuping i norsk.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

Seks timars skuleeksamen. Målforma på eksamenen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Ved semesterstart vil det ligge føre ei detaljert pensumliste. Dersom studenten ønskjer endringar av pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert kunngjord på Mitt UiB, og ho må godkjennast av emneansvarleg.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i samsvar med UiB sitt system for kvalitetssikring.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no