Emnet gir ei detaljert innføring i dei energigivande næringsstoffa si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.
Emnet gir ei detaljert innføring i dei ulike mikronæringsstoffa og ikkje-næringsstoffa (slik som karotinoider) si fordøying, absorpsjon, transport, lagring og ekskresjon med vekt på næringsemna sin funksjon og biokjemi.
Emnet skal i tillegg gi ei detaljert forståing av korleis dei ulike mikronæringsstoffa, og i samspill med makronæringsstoffa, påverkar utvikling, vekst og helse hos menneske.
Vidare blir kosthaldet sin innverknad på normal utvikling og helse vektlagt; nokre av dei mest aktuelle kosthaldsrelaterte helseproblem og korleis desse har samanheng med levekår og livsstil. Det blir fokusert på kjelder til og behov for dei ulike næringsstoffa, næringsstofftilrådingar og korleis slike tilrådingar skal tolkast.
Emnet skal gi detaljert oversikt om prinsipper til utvikling, grunngjeving og estimering av anbefalingar til næringsstoff og ikkje-næringsstoff (til dømes kostfiber, alkohol, karotinoider) både nasjonalt og internasjonalt.
Kunnskaper:
Etter fullført emne skal studenten være i stand til å:
- forklare kva funksjon makro- og mikronæringsstoffa har hos menneske
- beskrive fordøying, absorpsjon, omsetning, lagring og ekskresjon og molekylærbiologisk funksjon av næringsstoffa
- greie ut om forskjell om behov og anbefalingar, forklare kvar anbefalingar lagrast og grunngjevast
- greie ut som sikkert inntak og toksisitet av mikronæringsstoffar
- gjere greie for mekanismane for regulering av dei ulike næringsstoffa og kva forstyrringar i næringsstoffbalansen kan ha for einskilde sjukdommar
Ferdigheter:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- beherske fagterminologi innenfor næringsstoffa sin biokjemi
- tolke vitenskapelege tekstar som til dømes artiklar innanfor ernæring
- vise innsikt i korleis næringsstoffa tas opp i kroppen, korleis de blir omsatt, kva for biokjemiske mekanismar dei inngår i og kvifor for mykje eller for lite av næringsstoffa kan gje sjukdom
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- anvende kunnskapen om næringsstoffa sine grunnleggande biokjemi innanfor andre område i ernæringsfaget
- ha evne til å stille kritiske spørsmål og diskutere ernæringsforsking med medstudentar
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg
organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til
studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og
studie-/undervisningsopplegg