Etter gjennomgått undervisning og praksisstudium skal kandidaten kunne ta ansvar for den orale helsa til befolkninga og kunne utøve tannlegeverksemd i samsvar med aktuell odontologisk kunnskap, befolkninga sine behov, ønske og føresetnader, samt dei til ei kvar tid gjeldande lover, bestemmingar og økonomiske rammer.
Kunnskapar
Kandidaten skal kunne greie ut om:
- den epidemiologiske situasjonen for dei viktigaste orale sjukdomane/tilstandane og
determinantar for desse
- enklare statistiske og andre metodar som blir brukte innanfor samfunnsodontologisk
forsking
- kjennskap til og oversikt over måla, organisasjonen, ressursane og funksjonane til helse- og sosialsektoren
- forskjellige modellar for tannpleie/helsefremjande og sjukdomsførebyggande verksemd, korleis tannpleieprogram kan planleggjast og evaluerast
- helseåtferd og motivasjon, inkludert kva for vilkår som ligg til grunn
for at påverknad skal føre til endringar i holdning og åtferd
- kjennskap til måla, organisasjonen, ressursane og funksjonane til tannhelsetenesta
- gjeldande helselovgiving, trygde- og sosiale tenester, kvalitetssikring, samt sosiale og etiske normer
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne:
- bruke enkle statistiske og forskingsmetodologiske kunnskapar til kritisk evaluering av samfunnsodontologisk faglitteratur
- bruke enklare statistikk og forskingsmetodar ved analyse, planlegging og evaluering av tannhelsetenester
- vurdere måla, organisasjonen, ressursane og funksjonane til tannhelsetenesta
- skildre bruken av ulike strategiar i det helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeidet
- kommunisere og samarbeide med personellet i tannhelse-, helse- og sosialsektoren, samt med administrative organ, befolkninga og befolkninga sine valde representantar om tannhelsespørsmål
Holdningar
Kandidaten skal
- ha utvikla positive holdningar til tiltak for å bevare eller betre individet og/eller befolkninga si orale helse
- erkjenne at kunnskapar må haldast ved like og fornyast
Samfunnsodontologi arbeider med orale helseforhold og odontologisk verksemd som gruppefenomen, på vitskapleg grunnlag og i et samfunnsperspektiv. Viktige tema er epidemiologi med forskingsmetode og anvend statistikk, demografi, helsefremjande og sjukdomsførebyggjande verksemd, helse-, sosial- og tannhelsetenester, samt lovgiving, administrasjon og forvaltingslære.
Fagområdet har ansvar for førebuing, gjennomføring, bearbeiding og evaluering av praksisstudiet.