Emner: PROPSY301A Profesjonsforberedelse 1 Psykopatologi, psykologisk behandling og fagetikk - Høst 2017
Studiepoeng
5.0Studiepoeng, omfang
5
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i sentrale psykiske lidingar, og arbeidsområder og arbeidsmåtar innan klinisk psykologi. Emnet introduserer etiske problemstillingar og gir ei innføring i gjeldande føresegn som regulerer psykologar si yrkesutøving og verksemd i samfunnet. Prinsipp for profesjonell etikk i klientretta verksemd og i forsking blir gjennomgått og eksemplifisert. Det blir lagt vekt på medvit om fagetiske dilemma knytt til psykologar si yrkesutøving og korleis gjeldande psykologetikk kan brukast til å handtere slike dilemma. Studentane vil få ei innføring i grunnleggande modellar for psykopatologi, sentrale kliniske tilstandsbilde og sentrale modellar for psykologisk behandling. Undervisninga gir eit grunnlag for undervisning om psykiske lidingar innan dei andre psykologiske basaldisiplinane, samt tema innan klinisk nevropsykologi, pedagogisk-psykologisk rådgiving og diagnostikk og psykologisk behandling.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Studenten:
- Kan gjengi og diskutere hovudprinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd
- Kan gjengi og diskutere hovudprinsipp for forskingsetikk i psykologisk forsking
- Kan gjengi og forklare sentrale modellar og perspektiv på psykopatologi, normalitet og avvik
- Kan gjere greie for sentrale kliniske tilstandsbilde
- Kan gjere greie for modellar for psykologisk behandling: kognitiv-åtferdsterapi, dynamisk og humanistisk/emosjonsfokusert terapi
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan ta stilling til fagetiske dilemma ut frå prinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd
- Kan drøfte sentrale modellar for psykopatologi og psykologiske behandlingsmodellar i forhold til kvarandre
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan reflektere over etiske implikasjonar ved klientretta arbeid og psykologisk forsking
- Kan reflektere over bruk av ulike psykologiske modellar og tilpassing av psykologiske modeller til den enkelte klient eller brukargruppe
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltagelse i førelesingar som omhandlar etikk
- Obligatorisk deltagelse på seminar
- Utforme eit refleksjonsnotat av omfang 1500 ord (+/- 10%) basert på undervisning om fagetiske dilemma.
- Utforme eit refleksjonsnotat av omfang 1500 ord (+/- 10%) basert på undervisning om psykologiske behandlingsmodellar.
- Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for "godkjend"/"ikkje godkjend".
Obligatoriske undervisningsaktivitetar og arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen
Vurderingsformer
Skuleeksamen på 3 timar
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust/ Vår
Litteraturliste
Videoframvising, tilrådde vevsider
Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Emneansvarleg
Institutt for klinisk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:Studierettleiar@psyfa.uib.noStudierettleiar@psyfa.uib.no
Tlf 55 58 27 10