Emner: PSYK102 Generell psykologi 2 - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Utfasende emne. Ingen undervisning høst 2016, siste undervisningssemester var vår 2016.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten ei generell kompetanse i form av forståing for psykologifaget sitt sosiale fundament, kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom samt ei forståing for grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Innan personlegdom skal studenten tilegne seg kunnskapar om korleis trekk, biologi og intrapsykiske faktorar kan forklare personlegdom. Dei skal vidare ha kunnskap om kommunikasjon og sosial påverknad, sosiale fenomen som konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminiering, konformitet og avvik, venskap og kjærleik, prososial og antisosial åtferd samt ha basalkunnskap om grupper. Innanfor psykologisk forskingsmetodar skal studetane ha basale kunnskapar om operasjonalisering, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om ulike ikkje-eksperimentelle metodar samt om grunntrekk ved eksperimentelle design.

Når det gjeld ferdigheter skal studentane etter kurset kjenne til dei mest sentrale forskingsmetodane i personlegdomspsykololgi og vite korleis personlegdom kan målast. Studentane skal og ha ferdigheiter som gjer dei i stand til å gjere greie for ulike perspektiv på sosialpsykologien sin utvikling, definere sentrale omgrep som normer og roller, haldningar og verdiar, samt forstå grunntrekk ved sosial samhandling. Innan psykologiske forskingsmetodar skal studentane ha ferdigheiter som gjer at dei kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i metode 10 x 2 timar, totalt 20 timar.
Førelesingar i sosialpsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i personlegsdomspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 9 veker, totalt 18 timar.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

5 timars skuleeksamen med 6 essayoppgåver (2 fra kvart temaområde) der 3 oppgåver skal svarast på (1 fra kvart temaområde).

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Haust og vår. Siste vurderingssemester er vår 2017.

Litteraturliste

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 1050 sider. Delar av eller all litteratur kan vere på engelsk.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no