Bachelor
Norsk
Haust og vår
Bergen
Emnet skal gje ei systematisk innføring i korleis menneskeleg motivasjon er resultat av samhandling mellom individet sin åtferd, emosjonar, kognisjon, individuelle forskjellar og tilhøve i miljøet.
Studentane skal få innsikt i a) ulike typar motivasjon, b) korleis motivasjon er ein viktig føresetnad for læring, som påverkar både læringsprosess og prestasjonar, c) strategiar for sterkare og meir føremålstenleg motivasjon og yting, d) korleis motivasjon både kan vere eit uttrykk for relativt stabile individuelle skilnader i personlegdom og resultat av tilpassing til omgjevnadene sine forventninger, og e) samanhengen mellom motivasjon, meistring og sjølvoppfatning.
Kunnskapar:
Ved fullført modul skal kandidaten kunne:
Dugleik
Ved fullført modul skal studenten kunne:
Generell kompetanse:
Ved fullført modul skal kandidaten kunne:
Ingen
PSYK100 Innføring i psykologi eller tilsvarande
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Førelesingar 2 timar per veke i 14 veker, totalt 28 timar.
Seminar 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar.
Ingen
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar der studentane skal svare på 2 av 3 oppgåver.
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 1000 sider.
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no