Emner: PSYK120 Biologisk og kognitiv psykologi - Vår 2017
Studiepoeng
10.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament. Emnet tek sikte mot å gje eit første grunnlag til forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar. Studentane vil gjennom dei to hovudblokkane i emnet verte kjende med psykologien sitt biologiske og kognitive fundament.
Biologisk psykologi er studiet av hjernen, og kurset skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av korleis hjernen produserer åtferd og mentale prosessar. Studenten skal difor bli kjend med hjernen sin oppbygning og funksjon. Studenten skal også bli kjend med det evolusjonsteoretiske grunnlaget for dyr og menneske sin adapsjon/tilpassing til miljøet. Sentrale fenomen som læring, hugs og emosjonar vert presentert, samt deira betyding for helse og sjukdom.
Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi.
Læringsutbyte
Biologisk psykologi (5 studiepoeng)
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for den historiske utviklinga av vår forståing av samspelet mellom hjernen og åtferd
- Gjere greie for moderne metodar for å studere hjernestrukturar involvert i språk og kognisjon, som til dømes CAT, PET og fMRI
- Gjere greie for organiseringa av det sentrale og perifere nervesystem samt korleis nevronar kommuniserer.
- Gjere greie for korleis hjernen regulerer kroppslege organ via det autonome nervesystemet og det endokrine systemet
- Gjere greie for hovudtankane i evolusjonsteori, evolusjonspsykologi og sosiobiologi; særskild omgrepa "naturleg utval", "inclusive fitness", "kin selection" og "resiprok altruisme"
- Gjere greie for basale genetiske prinsipp, særskild omgrepa kromosom, gen, DNA og RNA.
- Gjere greie for hovudtrekka ved relasjonen mellom hjernestrukturar og åtferd; særskild emosjonar, læring, hugs, språk og kognisjon
- Gjere greie for situasjonelle, affektive, fysiologiske og instrumentelle/åtferdsmessige aspekt ved emosjonar
- Gjere greie for stressomgrepet og faktorar som er av betyding for utvikling av stressrelaterte sjukdommar
- Gjere greie for seksuell utvikling, differensiering og åtferd
- Gjere greie for homeostatisk regulering som til dømes sult
- Gjere greie for biologiske rytmar, spesielt søvn
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Diskutere læring og emosjonar sin funksjon i eit evolusjonsperspektiv
- Diskutere ulike teoriar om forholdet mellom stimulus/kontekst, emosjonar og emosjonell åtferd/fysiologi, som til dømes James-Lange og Cannon-Bard
- Diskutere forholdet mellom biologiske og psykologiske aspekt ved motivasjon, emosjonar, hugs og språk
- Drøfte samanhengen mellom psykisk belastning og kroppslege forandringar, korleis dette kan meistras og korleis langvarig aktivering kan føre til utvikling av kroppsleg sjukdom
- Diskutere betydninga av psykologiske og biologiske faktorar for farmakaavhengighet
- Diskutere samspelet mellom individet sine genetiske føresetnader (genotyp) og individet sine erfaringar (fenotyp)
- Kunne diskutere sosiobiologi og evolusjonspsykologi som forklaring for menneskets åtferd.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- På et grunnleggande vis kunne identifisere og reflektere over etiske problemstillingar innan psykobiologisk forskning, sosiobiologi og åtferdsgenetikk
- Ha opparbeidd en grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjer biologisk psykologi, og anvende kunnskap frå biologisk psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning og åtferd
Kognitiv psykologi (5 studiepoeng)
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Gjere greie for korleis visuell og auditorisk objektgjenkjenning går for seg
- Gjere greie for sentrale teoriar om oppmerksemd, og karakteristika ved delt og selektiv oppmerksemd
- Gjere greie for teoriar om langtidsminnets oppbygning og funksjon
- Kjenne til ulike minnestrategiar
- Gjere greie for karakteristika ved mentale bilete og kognitive kart
- Gjere greie for omgrepa "skjema" og "skript" sine roller i kognitiv psykologi
- Gjere greie for problemløsning, inkludert ulike problemløsningsstrategiar
- Gjere greie for sentrale kjenneteikn ved menneskets resonnering og avgjerdstaking
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Demonstrere nokre sentrale eksperimentelle oppsett for å studere ulike delar av kognitiv psykologi
- Diskutere nokre gjennomgåande tendensar i menneskeleg tenkning
- Forklare korleis elementar frå kognitiv psykologi, som til dømes hugs, oppmerksemd og persepsjon, fungerer i samspel med kvarandre
- Anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å planlegge effektiv studieteknikk
- Drøfte den historiske utviklinga av kunnskap innanfor dei ulike områda i kognitiv psykologi
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Ha opparbeidd ein grunnleggande kompetanse om dei ulike elementa som til saman utgjør kognisjon, og anvende kunnskap frå kognitiv psykologi til å forklare fenomen som involverer menneskeleg tenkning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i kognitiv vitskap.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Samla undervisning utgjer 20 x 2 t undervisning, fordelt mellom 12 x 2 t forelesingar, og 8 x 2 t seminar. Seminara er spesielt tilpassa bachelorprogrammet i kognitiv vitskap, slik at studentane lærer om korleis biologisk og kognitiv psykologi er knytt til datamodellar og simulasjonar. Derfor blir seminar tilbudt separat for studentane i kognitiv vitskap. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsettingane skal verte dekt av forelesingar og seminar. Det ventast derfor at desse kompletterast med sjølvstudiar. For å lette studenten sitt arbeid med stoffet vert det tilbudd IKT-basert stønad på Internett.
Undervisninga er den same som for den biologiske og den kognitive delen av PSYK114.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 4 essayoppgåver - 1 av 2 innanfor bolken biologisk psykologi, og 1 av 2 innanfor bolken kognitiv psykologi.
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Fagleg overlapp
PSYK120 + PSYK114 = 10 studiepoeng i reduksjon.
PSYK120 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 700 sider. Delar av eller all litteratur kan vere på engelsk.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no