Emner: PSYK140 Atferd, helse og ernæring - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

 

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om sentrale aspekt ved kosthald og ernæring og deira rolle for åtferd, kognisjonar, mental og somatisk helse. Emnet gir innsikt i korleis kosthald kan sjåast som ein del av eit større livsbilde, og kva for strukturelle og individuelle faktorar som kan vere med å forklare utvikling av matvareintoleranse, eteforstyrringar og overvekt. Studentane skal utvikle kompetanse og ferdigheiter i kva som er gode og verksame tiltak for å fremje eit helsegunstig kosthald med vekt på samspel mellom individuelle og strukturelle faktorar.

Emnet vil gje ei innføring både i kosthald/ernæring som ein viktig basis for åtferd og psykisk helse, samt tiltak som kan setjast i verk for å fremje eit gunstig kosthald med tanke på psykisk helse. Tiltaksutviklinga vil bli sett i relasjon til den observerte auken i overvekt som gjer seg gjeldande både i Noreg og i andre vestlege land.

 

Læringsutbyte

Kunnskaper

 

Etter fullførd emne skal studentane kunne gjere greie for og diskutere:

 

 

 

 

Ferdigheiter

Etter fullførd emne skal studenten kunne:

Generell kompetanse

Ved fullførd emne skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 3 essayoppgåver.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturforslag for emnet er på ca. 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi