Emner: PSYK202A Psykologiske forskningsmetoder A - Høst 2017




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Psykologiske forskingsmetodar A er satt saman av 3 delar: innføring i metode, kvalitativ metode og kvantitativ metode. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk, pedagogisk og helsefremjande forsking. Studentane får ei grunnleggjande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forsking. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva for premiss dei byggjer på og drøfte kriterium som kan nyttast for å vurdere forsking innanfor dei ulike tradisjonane. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om kva som karakteriserer kvalitative og kvantitative forskningsdesign. Studentane skal ha skaffa seg eit generelt oversyn over dei mest nytta kvalitative forskningsdesigna, og gjere seg kjent med korleis utføre litteraturreview, datainnsamling og analyse på ein systematisk og stringent måte. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk, helsefremjande og psykologisk forsking.

Læringsutbyte

Innføring i metode

Kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Ferdigheter

Ved fullført emne skal kandidaten:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

 

Kvalitativ metode

Kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Ferdigheter

Ved fullført emne skal kandidaten:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

 

Kvantitativ metode

Kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Ferdigheter

Ved fullført emne skal kandidaten:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i innføring i metode 10 x 2 timar, totalt 20 timar.
Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengde bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Anbefalt litteratur vil utgjere omlag 1050 sider delt på 350 sider i innføring i metode, 350 sider kvalitativ metode og 350 sider i kvantitativ metode.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no