Emner: PSYK202A Psykologiske forskningsmetoder A - Vår 2017
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Psykologiske forskingsmetodar A er satt saman av 3 delar: innføring i metode, kvalitativ metode og kvantitativ metode. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk, pedagogisk og helsefremjande forsking. Studentane får ei grunnleggjande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forsking. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva for premiss dei byggjer på og drøfte kriterium som kan nyttast for å vurdere forsking innanfor dei ulike tradisjonane. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om kva som karakteriserer kvalitative og kvantitative forskningsdesign. Studentane skal ha skaffa seg eit generelt oversyn over dei mest nytta kvalitative forskningsdesigna, og gjere seg kjent med korleis utføre litteraturreview, datainnsamling og analyse på ein systematisk og stringent måte. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk, helsefremjande og psykologisk forsking.
Læringsutbyte
Innføring i metode
Kunnskap
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Vise kunnskap om grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar.
- Vise kunnskap om kva eit vitskapeleg paradigme er.
- Vise kunnskap om etiske dilemma ved forsking generelt.
- Vise kunnskap om likskap og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metode.
- Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet.
- Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse).
- Eksperimentelle design (val av design, til dømes eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar).
Ferdigheter
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Kunne utvikle eit kvalitativt forskningsdesign på eit grunnleggande nivå.
- Kunne utvikle eit kvantitativt forskningsdesign på eit grunnleggande nivå.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Vere bevisst om grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar.
- Vere bevisst om etiske dilemma ved forskning generelt.
- Vere bevisst om likskapar og skilnadar mellom kvalitative og kvantitative forskningsdesign.
Kvalitativ metode
Kunnskap
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Vise kunnskap om korleis ein utformar eit kvalitativt forskningsdesign.
- Vise kunnskap om kvalitativ metodes vitskapsteoretiske forankring.
- Vise kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitative metodar og syne kva for bruksområde dei høver seg for.
- Vise kunnskap om sterke og svake sider ved ulike kvalitative metodetilnærmingar som feltmetodikk, observasjon, intervju og tekstanalyse.
- Vise kunnskap om data sin truverdigskap og gyldigheit.
Ferdigheter
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Kunne utføre ein litteraturreview i kvalitativ metode.
- Kunne utforme stringente forskningsspørsmål i kvalitativ metode.
- Kunne designe alle stadia i det kvalitative forskningsintervjuet.
- Kunne designe observasjonsstudie i kvalitativ metode.
- Kunne analysere kvalitative data i lys av truverdigskap og gyldigheit.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Vere bevisst på korleis det vitskapelege grunnlaget for kvalitativ metode har implikasjonar for for eit heilskapleg kvalitativt forskningsdesign.
- Vere bevisst om etiske dilemma ved feltarbeid, intervju og observasjon.
- Vere bevisst om kvalitative forskningsdesigns avgrensingar, samt korleis det kan integrerast saman med kvantitative forskningsdesign (Mixed Method).
Kvantitativ metode
Kunnskap
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Vise kunnskap om for ulike typar utval i surveymetode (tilfeldige utval, klyngeutval og bekvemmelighetsutval).
- Vise kunnskap om deskriptiv statistikk (som mål på sentraltendens, spreiing og frekvensanalysar).
- Vise kunnskap om ulike statistiske kriterium for reliabilitet og validitet i surveymetodikk.
- Vise kunnskap om mønster mellom observasjonar, inkl. korrelasjonsomgrepet.
- Vise kunnskap om sannsynsomgrepet og relatere dette til signifikanstesting samt gjere greie for H0, H1, type I og type II feil.
- Vise kunnskap om og differensiere mellom ulike typar kvantitative analysar og ha kjennskap til når dei kan nyttast.
Ferdigheter
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Kunne designe eit kvantitativt forskningsdesign
- Kunne differensiere mellom ulike typar kvantitative forskningsdesign
- Kunne trekkja valide slutningar på basis av dataanalysar.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten:
- Vere bevisst på korleis det vitskaplege grunnlaget for kvantitativ metode har implikasjonar for eit heilskapleg kvantitativt forskningsdesign.
- Vere bevisst på etiske dilemma ved kvantitativ metodebruk.
- Vere bevisst om kvantitative forskningsdesigns avgrensingar, samt korleis det kan integrerast saman med kvalitative forskningsdesign (Mixed Method).
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i pedagogikk
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar i innføring i metode 10 x 2 timar, totalt 20 timar.
Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengde bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Fagleg overlapp
- PSYK102 + PSYK202A = 5 studiepoeng i reduksjon.
- PS102 + PSYK202A = 5 studiepoeng i reduksjon.
- PSYK202B + PSYK202A = 10 studiepoeng i reduksjon.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Anbefalt litteratur vil utgjere omlag 1050 sider delt på 350 sider i innføring i metode, 350 sider kvalitativ metode og 350 sider i kvantitativ metode.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no