Emner: PSYK202B Psykologiske forskningsmetoder B - Høst 2017




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Psykologiske forskingsmetodar B er satt saman av 2 delar: kvalitativ metode og kvantitativ metode. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forsknings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk, pedagogisk og helsefremmande forskning. Studentane får ei grunnleggande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forskning. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva premiss dei bygger på, og drøfte kriterium som kan nyttast for å vurdere forskning innanfor dei ulike tradisjonane. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om kva som karakteriserer kvalitative og kvantitative forskningsdesign. Studentane skal ha skaffa seg eit generelt oversyn over dei mest nytta kvalitative forskningsdesigna, og gjere seg kjent med korleis utføre litteraturreview, datainnsamling og analyse på ein systematisk og stringent måte. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk, helsefremmande og psykologisk forskning. Dette får dei også prøvd ut gjennom ein eigen praktisk statistikkdel i dette emnet.

Læringsutbyte

Kvalitativ metode

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Kvantitativ metode

 

Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Krav til forkunnskapar

PSYK102 Generell psykologi 2/PSYK202A eller tilsvarande emne

Krav til studierett

Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Dataøvingar i statistikk i grupper 6 x 2 timar, totalt 12 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengd bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 1050 sider delt på 350 sider i kvalitativ metode, 350 sider i kvantitativ metode og 350 sider i statistikkprogram.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no