Emner: PSYK2S Psykologi 2.avd.- teoretisk-tematisk kunnskap (8 dagers skriftlig eksamen) - Vår 2017




Studiepoeng

0.0

Undervisningsspråk

Norsk, anna skandinavisk språk, engelsk.

Undervisningssemester

Vår og haust: 10. semester.

Mål og innhald

Eksamensarbeidet representerar studenten sitt eige bidrag til eit fagleg forankra arbeid av spørsmål og problem som oppgåveteksten drøftar. Eksamensarbeida skal klårt vise kva som er originale fagarbeid, kva som er andre sitt arbeid, og kva som er eige bruk av andre sin stofftilfang. All dokumentasjon skal ha klare referansar. Alle direktesitat skal vere angitt med hermeteikn, og vise til det refererte arbeid og sidetal. Svaret, med referanseliste, figur- og tabelloppsett, skal skrivast i samsvar med APA - manual 6th edition standard. Oppgåva skal i alle høve ikkje ha et eige samandrag. Lengda på oppgåva bør normalt vere maksimalt 15 sider med linjeavstand 1,5, fontstørrelse 12, og alle margar på 2,54 cm. Framside, referanseliste og eventuell appendiks kjem i tillegg. Framsida skal berre innehalde kandidat nr., tittel og eksamenskode.

 

Krav til forkunnskapar

Godkjent 1:a avdeling (150 studiepoeng). Godkjent 2:a avdeling (150 studiepoeng).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Sjå fagleg innhald.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjå fagleg innhald.

Vurderingsformer

Åtte dagars skriftleg heimeeksamen. Det nyttast gradert karakterskala (A-F).

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Eksamen baserast på den undervisninga som har blitt gitt gjennom profesjonsstudiet, samt på dei litteraturforslaga som har vore lagt opp innafor hovudområda: klinisk psykologi, neuropsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogisk psykologi og samfunnspsykologi, samt anna relevant litteratur.

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet.