Emner: PSYK302A Klinisk bruk av hypnose - Vår 2017




Studiepoeng

3.0

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Studentane vil bli gjort kjend med rasjonalen for å anvende hypnose i behandling. Basiskunnskap om induksjonsmetodar saman med grunnleggjande praktisk trening i hypnoseinduksjon vil leggjast vekt på. Det vert venta at studentane skal tileigne seg kunnskap om evalueringsmetodar for hypnotiserbarhet. Kunnskap om skilnaden mellom å bruke direkte og indirekte induksjonsmetodar vil utviklast. Erfaringar med subjektive opplevingar som vender lys mot transetilstanden vil vere ei viktig kunnskapskjelde for deltakarane å bli kjent med.

Betydinga av å arbeide innanfor sentrale personlegdomsteoriar og terapimodellar vil leggjast vekt på som grunnleggjande premiss for å bruka hypnose terapeutisk. Det vil bli gitt døme på klårgjering av korleis hypnose nyttast i behandlinga av ein del sentrale psykologiske tilstandsbilete.

Kvar enkelt student vil på emnet utføre minst ein hypnoseinduksjon og observere to andre induksjonar.

Læringsutbyte

Studentane skal gjennom emnet få innføring i hypnosetradisjonen og dei mest sentrale teoretiske nøkkelomgrepa innanfor feltet.

Krav til forkunnskapar

Dette kurset er eit tilbod som utelukkande vert gitt til studentane det semesteret dei avleggjer avsluttande eksamen. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet omfattar 20 timar, og undervisninga vil veksle mellom førelesing, seminar og praktiske øvingar. Innanfor øvingsdelen venter ein stor grad av eigenaktivitet hos studentane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjå vurdering/eksamensformer

Vurderingsformer

Obligatorisk frammøte (80%) og at studenten har gjennomført og sjølv opplevd ein hypnoseinduksjon.
Bestått/ikkje bestått.

Litteraturliste

Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 250 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Kontaktinformasjon

Professor Gerd Kvale