Emner: RELV101 Hva er religionsvitenskap - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i kva religionsvitskap er og i sentrale problemstillingar, omgrep, tema, teoriar, tilnærmingar og tradisjonar innanfor faget.

RELV101 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.

http://www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskap Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
Kunnskap om sentrale problemstillingar, omgrep, tema og teoriar innan religionsvitskapen, og i tillegg innsikt i faget sine ulike tradisjonar og tilnærmingar.

Ferdigheiter
Evne til kritisk samanlikning av ulike tilnærmingsmåtar til fenomenet religion.
Evne til reflektert bruk av sentrale omgrep innan religionsvitskapen.
Evne til å setje seg inn i eit omfattande og kompleks tekstmateriale på både norsk og engelsk.

Grunnkompetanse
Generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular og faghistorie.
Erfaring med å planleggje og gjennomføre eit skriftleg arbeid av eit bestemt omfang over tid.
Erfaring med å fortolke og presentere faglege problemstillingar skriftleg og munnleg i gruppesamanheng.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør derfor studenten ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

5 studiepoeng overlapp for RELV101 tatt mellom 2007 og 2015 og RELV100 tatt høst 2015.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning skjer i form av forelesingar og obligatoriske arbeidsseminar, normalt 10-15 forelesingar (à to timar) og 10 seminar (à to timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske aktivitetar er

(a) ei oppgåve (mellom 850 og 1200 ord) som skal leverast i midten av semesteret. Oppgåvene skal leverast elektronisk i Mitt UiB.

(b) deltaking ved gruppeundervisning der det blir kravd minst 50% oppmøte. Studentane må førebu seg og setje seg inn i tekstane som blir tekne opp i gruppeundervisninga.

(c) Alle studentar skal halde ein presentasjon ein gong i samsvar med opplegget på obligatorisk gruppeundervisning.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ein sju dagars heimeeksamen (mellom 2200 og 2700 ord).

Eksamen blir avvikla kvart semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er på mellom 1000 og 1200 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no