Emner: RELV105 Midtøstens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over nokre av dei viktigaste religionane i Midtausten, Middelhavslanda og Norden i eldre tid. Studenten skal også tileigna seg ytterlegare kunnskap gjennom studiar av eit utval tekstar knytt til dei enkelte religionane.

Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion. RELV105 er ein tilrådd del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan der faglege grunner tilseier det, skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15 stp.-emne frå eit anna fag. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad.

http://www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskap Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap

tileigna seg kunnskap om dei viktigaste religiøse førestellingane og rituala i mesopotamisk, egyptisk, gresk og romersk religion, religionane i hellenistisk tid og den romerske keisartida, samt norrøn og samisk førkristen religion

verta kjend med eit utval tekstar knytte til dei einskilde religionane

ha kjennskap til dei viktigaste religionsvitskaplege problemstellingane knytte til studiet av desse religionane.

Ferdigheiter

Studenten skal kunna

analysera fagstoff på norsk og engelsk om desse religionane og trekkja eigne slutningar

- søkja, vurdera og gjera bruk av informasjon om desse religionane

- skriva ein resonnerande tekst innan dette fagfeltet.

Generell kompetanse

Studenten skal kunna

utvikla vidare dei kunnskapane, dugleik og innsiktene som studiet har gjeve gjennom vidare studiar og arbeidsliv

bringa vidare til andre informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør ha gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning skjer normalt i form av 15 forelesingar á to timar og gruppeundervisning (om lag 12 dobbelttimar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Studentane skal til fastsett tid levere inn ei skriftleg oppgåve. Frist blir oppgitt på Mitt UiB. Oppgåva skal vere på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva. Oppgåva vert vurdert til godkjend/ikkje-godkjend.

2) Deltaking i gruppeundervisning er obligatorisk og det blir kravd minst 50 % frammøte for å få gå opp til eksamen.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i eitt og same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei munnleg prøve.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Eksamen vert avvikla i kvart semester.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det regelmessig organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no