Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.
Forutsett at emnet vert tilbudd det inneverande semesteret, kan studenten velja eit av eventuelt fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Djupnekunnskap innafor temaet.
Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
Evne til å finne relevant fagleg informasjon.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Generell innsikt i temaet.
Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Obligatorisk aktivitet knytt til undervisninga. Sjå dei enkelte temaalternativa for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen. Obligatoriske arbeidskrav blir offentliggjort ved opninga av Studentweb på Mitt UiB.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
© 2024 Universitetet i Bergen
Adresse: Postboks 7800, 5020 Bergen
Telefon: 55 58 00 00
Kontakt: kvalitetsbasen@uib.no
Ansvarlig: Studieavdelingen