Emner: RELV350 Religionsvitenskap mastergradsoppgave - Høst 2017




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

 

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid som skal visa forståing, refleksjon og modning. Vidare skal masteroppgåva visa

- at studenten kan framskaffa og behandla eit kjeldemateriale

- at studenten er fortruleg med vitskapleg teori og metode

- at studenten meistrar litteratursøking, gjennomgang og bruk av forskingslitteratur.

Emnet for masteroppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Prinsipielt kan eitkvart religionsvitskapleg relevant emne veljast, men for å vera sikra rettleiing, bør studenten velja eit emne i tilknyting til dei områda som er representerte blant faglærarane ved instituttet.

 

Studenten bør velja emne og problemstillingar som han eller ho ut frå andre fagstudiar har særlege føresetnader for å arbeida med. Det vil vera naturleg å sjå val av spesialiseringsemne, innhaldet i RELV303FELT/MUNT/SEM (frie studiepoeng) og emnet for masteroppgåva i samanheng.

 

Arbeidet med masteroppgåva er normert til to semester.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Eit religionsvitskapleg studium gjev omfattande kunnskapar om verdas religionar i fortid og notid og ei særleg forståing av relasjonen mellom religion og samfunn. Gjennom mastergradsstudiet har studenten fått innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar samt ei solid oversikt over og forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy. Ved fullført mastergrad er studenten ein fagekspert innan sitt forskingsfelt.

 

Ferdigheiter:

Studenten kan gjere forsking på ein sjølvstendig måte. Dette inneber å etablere problemstillingar som kan leie til ny kunnskap om religion innan eit valt forskingsfelt. Vidare har studenten ferdigheiter i å behandle eit kjeldemateriale. Studenten kan skaffe seg oversikt over eit informasjonstilfang og systematisere og analysere dette. Under studiet har studenten skaffa seg ei prinsipiell forståing av ein rekke kulturvitskaplege og samfunnsvitskaplege metodar og erfaring med å bruke dei. Vidare har studenten erfaring med å analysere eit materiale basert på skriftlege og/eller munnlege kjelder eventuelt på elektroniske kjelder, trekke konklusjonar og posisjonere eige bidrag i forhold til etablert kunnskap på forskingsfeltet. Studenten har erfaring med å skrive ein vitskapleg tekst og med å kommentere andres tekstar. Studenten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig måte i skriftleg og munnleg form.

 

Generell kompetanse:

Gjennom arbeid med masteroppgåva har studenten vist sin kompetanse i å utøve religionsvitskapleg forsking og formidling i samsvar med faget sine grunnleggande normer og metodar som akademisk disiplin. Studenten er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere kompleks informasjon, syntetisere den og grunngje eigne slutningar. Masterstudiet gjev øving i å argumentere. Gjennom arbeidet med eit sjølvstendig forskingsarbeid har studenten vist evne til å problematisere og reflektere kring kjelder, omgrep, kunnskap, teori og metode. Studenten har kompetanse i fagleg diskusjon og kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Opptak til masterstudiet

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til mastergrad i religionsvitskap.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert arrangert obligatoriske symposium i regi av faggruppa, i tillegg til rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har obligatoriske aktivitetar knytte til (a) prosjektførebuing, (b) mastersymposium og (c) rettleiing.

a) Prosjektførebuing:

Studentane skal utarbeida eit prosjekt for masteroppgåva. Prosjektskissa skal visa at studenten [1] har god kunnskap om forskingshistoria og kan plassere prosjektet innanfor forskingshistoria, [2] har ein klar, overkommeleg og høveleg avgrensing av materialet og [3] har ein realistisk gjennomføringsplan. Prosjektskisse, ca. 2000-3000 ord, vert vurdert som «godkjent», "godkjent med reservasjon" eller "ikkje godkjent" av lærarkollegiet. Prosjektskissa bør framleggas seinast i 3. semester i programmet.

b) Mastersymposium:

Studenten skal legga fram utkast til to kapittel av oppgåva si i eit mastersymposium som vert arrangert av instituttet. Det bør skje høvesvis i det første og andre semesteret av oppgåveskrivinga (3. og 4. semester i programmet). Samtidig skal studenten kommentera minst to utkast til kapittel skrivne av medstudentar i symposiet.

Mastersymposia varer normalt ein dag og vert arrangerte seks gongar i løpet av eit normert mastergradsstudium, ein gong kvar haust og to gonger kvar vår. For å få godkjend deltaking må ein ha minst seks oppmøtepoeng i løpet av studiet, kor ein heil dag vert rekna som to poeng og ein halv dag som eit poeng.

c) Studenten skal ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.

Vurderingsformer

Masteroppgåve på mellom 80 og 110 sider. Dette inkluderer ikkje framside, innhaldsliste, forord, litteratur- /referanseliste eller appendiks.

Det vert gitt eigen karakter på masteroppgåva. Deretter vert mastergraden avslutta med ein munnleg eksamen som tar utgangspunkt i masteroppgåva. Denne munnlege karakteren kan justera karakteren på masteroppgåva éin karakter opp eller ned.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje greidd.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Eigendefinert pensum

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no