Emner: RET101 Retorikk - Vår 2017




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Skandinavisk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Føremålet med emnet er:

Retorikk er læra om føremålstenleg kommunikasjon. Det er læra om korleis ein appellerer overtydande til sine medmenneske. Anten du diskuterer med vener, held ein politisk tale, skriv ei bokmelding eller utviklar ein reklamekampanje, så utøver du retorikk. Heilt frå Aristoteles og sofistane og til våre dagars kommunikasjonsforsking har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Kvifor vert vi påverka og overtydde av nokon, men ikkje av andre? Kva gjer ei form for retorikk føremålstenleg eller overtydande og ei anna problematisk eller ineffektiv?

Emnet Allmenn og praktisk retorikk gir ei historisk og systematisk innføring i retorikken som generell kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på retorikken i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle omstende. Vi drøftar retorikken sitt forhold til sjanger, medium og formidlingsmåtar, og vi går inn på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk.

Som kommunikasjonslære har retorikken vakse ut av praksis. Ein har observert kvifor nokon lykkast og andre feilar. Derifrå har ein laga teoretiske retningslinjer for den gode og den effektive kommunikasjonen. Denne forbrødringa mellom teori og praksis vert vidareført i emnet Allmenn og praktisk retorikk. Allmenn retorikk viser til historiske, teoretiske og analytiske studium av retorikk. Praktisk retorikk viser til den delen av emnet som inneber at du må formidle deg aktivt munnleg (til dømes halde ein tale eller gi ein presentasjon) og skriftleg (til dømes skrive essay, ei bokmelding eller ein allment formidlande artikkel). Du vil få tilbakemelding på formidlingsaktivitetar dine dels av forelesarar og dels av medstudentar og kollokvieleiarar. Gjennomført aktiv deltaking i den praktiske formidlinga eit krav for å få ta eksamen.

Læringsutbyte

Etter å ha avsluttet emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Examen philosophicum og examen facultatum.

Krav til studierett

Studenter som er tatt opp til Bachelorprogrammet i retorikk. Frist for oppmelding på Studentweb 20. januar.

 

Andre kan få tilgang etter søknad, dersom det er plass på emnet.

Søkjarane vil bli prioritert slik:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i medievitskap, prioritert etter karaktersnitt
  2. Øvrige studentar med studierett ved UiB, prioriterte etter karaktersnitt

Søknad sendes til studieveileder@media.uib.no innen 20. januar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i vårsemesteret som forelesingar og ved at studentane sjølve presenterer sine eigne praktiske formidlingsarbeid. Studentane må dessutan både gi og få tilbakemeldingar på dei praktiske arbeidsoppgåvene sine i kollokvium. Det kan bli moglegheit for noko rettleiing på eksamensprosjekta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må rekne med å ta aktivt del i å skaffe aktuelle dømer på retorisk kommunikasjon, og å analysere og presentere av desse døma. Studentane må dessutan ta del i munnlege presentasjonar knytte til gruppearbeid.

Krav:

1. Delta tilfredsstillande i kollokviearbeidet. 2. Halde ein tale i plenum som vert godkjent av forelesar. 3. Bestå ein faktatest som vert gitt mot slutten av semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar to samanhengande oppgåver: 1. Ei skriftleg praktisk formidlingsoppgåve som du vel sjølv innanfor visse rammer. Det kan til dømes vere å skrive ein kronikk, ei bokmelding eller ein allmenn formidlande artikkel, å lage ein reklame eller utvikle eit kampanjeopplegg; 2. Ein retorisk rapport som med bakgrunn i retorisk teori gjer greie for kva slags vurderingar du gjorde deg i arbeidet med den praktiske oppgåva og som retorisk grunngir dei vala du har treft.

Den praktiske formidlingsoppgåva må veljast i første halvdel av semesteret, og må godkjennast av rettleiar. Den retoriske rapporten skal ha et omfang på ca. 10-15 sider med linjeavstand 1,5, standard margsetting og skriftstørrelse (12 pkt.). Formidlingsoppgåva og rapporten kan utførast av opp til tre personar i fellesskap. Om arbeidsoppgåver ikkje er utførte i tett samarbeid, skal det vere opplyst tydeleg kven som har hovudansvar for dei einskilde oppgåvene. Ved to forfattarar kan rapporten vere opp til maksimum 18 sider. Om tre skriv saman kan rapporten vere opp til maksimum 25 sider.

For å kunne ta eksamen må du ha delteke i dei obligatoriske aktivitetane.

Litteraturliste

Totalt vil pensumet i emnet vere på omkring 1200-1400 sider. Blant desse vil omkring 700-900 sider gjelde den teoretiske delen og omkring 300-500 sider gjelde den praktiske delen. Pensum i den praktiske delen vil hjelpe deg med å øve evnene dine til praktisk formidling og kommunikasjon.

Pensumlista er eit vedlegg til studieplanen. Endringar i pensum innanfor ramma av studieplanen vert gjort av Undervisningsutvalet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap etter innstilling frå programfaga for retorikkprogrammet.

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluerte i slutten av vårsemesteret.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap