Emner: RET205 Nordisk retorikk - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

 Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet Nordisk retorikk tar for seg historiske og systematiske aspekt ved retorikken innanfor nordiskfaget. Retorikken fokuserer på litteratur som kommunikasjon i eit samspel mellom avsendar, verk og mottakar. Kurset vil ha vekslande innhald. Dels vil ein fokusere på retorikken i produksjon og resepsjon av litteratur. Men nordiskfaget sin eigen retorikk, til dømes innan litteraturhistorieskriving, vil og vere eit tema. Det vil vere viktig å skapa dugleik i å nytte retoriske omgrep på analysedøme.

Emnet er ein del av bachelorprogrammet i retorikk. Studentar på dette programmet med enkel spesialisering i retorikk, kan ta RET205 som eitt av valemne på 200-nivå.

Studentar på bachelorprogrammet i nordisk, med spesialisering i nordisk språk og litteratur, kan ta RET205 som eit av valemna på 200-nivå i nordisk språk og litteratur.

RET205 kan også takast som frie studiepoeng.

Emnet kan òg inngå som valemne i masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Tema våren 2017: Ideologikritikk og retorikk:

Solstad ¿ Mehren - Knausgård. Felles undervisning med NOLI212/NOLI312/RET255.

Læringsutbyte

RET205 gjev kompetanse i å nytte retoriske omgrep på ulike tekstar frå nordisk litteratur.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Årsstudium i nordisk språk og litteratur eller RET101 (Allmenn og praktisk retorikk).

 

 

Studiepoengsreduksjon

RET205 og RET255 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir normalt gjeve som ukentlege førelesingar eller seminarundervisning. Undervisninga vil òg vere tilrettelagd for studentar på 300-nivå i nordisk språk og litteratur.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av pensumliste er obligatorisk.

 

 

 

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 6 timar.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er ca. 1000 sider.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no