Undervisninga i Kultur går over eit heilt semester med 1 dobbel førelesing i veka.
Undervisninga i Tekst og tale går over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil her vera munnleg og skriftleg omsetjing av pensumtekstar og konversasjon med den russiske språkpedagogen.
Kultur: Skriftleg skuleeksamen på 5 timar. Svaret på oppgåvene skal skrivast på norsk.
Tekst og tale: Munnleg eksamen inneheld lesing og omsetjing av eit tekstavsnitt frå pensum og deretter ein samtale på russisk.
Ved samanrekning av samla karakter for Kultur og Tekst og tale tel Kultur 60 % og Tekst og tale
40 %. Begge vurderingsdelane må vera greidd i undervisningssemesteret.