Emner: RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitenskap - Høst 2017
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk/russisk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
RUS303 er eit fordjupingsstudium i eitt eller fleire sentrale emne innanfor anten russisk språk, litteratur og kultur. Fagmiljøet gjev undervisning i ulike særemne, alt etter kva lærarressursar som er til rådevelde og studentane sine faglege behov. Døme på tema for særemne kan vera dialektologi, intonasjon, språkleg variasjon, russisk språk etter perestrojka, avantgarden i russisk litteratur, moderne russisk prosa, den russiske romanen på 1800-talet, Kaukasus i russisk litteratur (fortid og nåtid), Peterburg-myten i russisk litteratur og kultur.
Læringsutbyte
Etter fullført emne: Studentane
har solide kunnskapar om det utvalde emnet innanfor russisk språk, litteratur og/eller kultur
har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til lærestoffet
har utvikla teoretisk innsikt i temaet og i problemstillingar, som kan koma til nytte i arbeidet med masteroppgåva
har øving i å omsetja russiske sakprosatekstar til norsk, og frå norsk til russisk
har god trening i akademisk framstilling, både skriftleg og munnleg og både på russisk og på norsk, gjennom skriftlege oppgåver (omsetjingar og essay), eit seminarinnlegg på russisk og diskusjon
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, seminar og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Eit munnleg innlegg på russisk og fire omsetjingar (to norsk-russisk og to russisk-norsk) av pensumrelaterte tekstar.
Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering: Ei skriftleg oppgåve/eit essay som skal skrivast på norsk, ein skriftleg versjon av det munnlege innlegget (på russisk) og ei kort skriftleg kunnskapsprøve (3 timar). Svara på kunnskapsprøva kan skrivast på norsk eller russisk. Ved fastsetjing av samla karakter tel dei 3 delane likt. Alle delar av mappa må vera greidd i undervisningssemesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, kor F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Omfanget på pensumet vil variera med emnet.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.